DEBATT

Regjeringas klimaplan

Klimamålet står fast

Ein feil frå SSB endrar ikkje regjeringas klimamål. Tvert om tar klimaplanen høgde for at ulike hendingar kan gjere at vi må justere politikken på veg mot målet.

FEIL I RAPPORTERING: At det er avdekka feil i rapporteringa av drivstoffsalet, betyr ikkje at regjeringa sin klimapolitikk ikkje har hatt effekt, skriv klimaminister Sveinung Rotevatn. Foto: Heiko Junge / NTB
FEIL I RAPPORTERING: At det er avdekka feil i rapporteringa av drivstoffsalet, betyr ikkje at regjeringa sin klimapolitikk ikkje har hatt effekt, skriv klimaminister Sveinung Rotevatn. Foto: Heiko Junge / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Arild Hermstad i MDG kritiserer meg i Dagbladet 22.04. for å skryte av at regjeringa si klimaplan er «eit historisk taktskifte» i norsk klimapolitikk.

Vel, eg meiner eg har god grunn til å skryte av klimaplanen. Dette er første gongen ei regjering har lagt fram ein konkret plan for ein tiårsperiode, med årlege utsleppsbudsjett, konkrete effektvurderingar av verkemiddel og varsling av offensive nye grep vi skal gjennomføre dei komande åra.

Eg er glad fleirtalet på Stortinget stiller seg bak målet. Auken i CO2-avgifta er eit av dei viktigaste grepa i planen. Det er eit kraftfullt grep som vil gi store utsleppsreduksjonar. Fleirtalet stiller seg bak det.

Eit anna grep i planen er at staten, kommunar og fylkeskommunar stiller krav til låg- og nullutslepp på ferjer, hurtigbåtar, nullutsleppsbilar, varebilar og bybussar. Vi skal også ta i bruk biodrivstoff i nye sektorar for ytterlegare å kutte utslepp. Vi skal gjennomføre store utsleppskutt innanfor jordbruket og har ein forpliktande avtale med organisasjonane der.

Alle desse hovudgrepa er det einigheit om blant fleirtalet i Stortinget.

Hermstad kritiserer regjeringa for ein feil som SSB har gjort. Utsleppstatistikken vil bli påverka av justeringa i tala for sal av marine gassoljer, autodiesel og anleggsdiesel. Men førebels er det vanskeleg å seie kva denne justeringa vil bety for den norske utsleppsrekneskapen. Det vil først bli klart når Statistisk sentralbyrå publiserer førebelse utsleppstal for 2020 8. juni.

Video not found
VÅLERENGA: Bane Nor vil rive verneverdige trehus. - Vi kan bli tvangsflytta, sier Mirjam Abrahamsen som bor i et av husene på «Hylla». Video: Bjørn Langsem / Dagbladet. Vis mer

Det at det er avdekka feil i rapporteringa av drivstoffsalet, betyr ikkje at regjeringa sin klimapolitikk ikkje har hatt effekt. Tvert imot tar klimaplanen høgde for ulike typar usikkerheit. Det er ein del av planen at det kan bli behov for å justere politikken undervegs.

Regjeringa vil i dei årlege klimalovrapporteringane gjere greie for korleis vi ligg an til å gjennomføre klimaplanen og til å nå klimamålet.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer