DEBATT

Carl I. Hagen og Frp

Kortsynte, gamle menn

Det er sjølvsagt lett å harsellere med gamle menn og forstokka idear. Men når nokon seriøst snakkar om assimilering som den optimale løysinga på innvandringsproblema, bør det gå kuldegysingar nedover ryggen på dei aller fleste.

I HORNET PÅ VEGGEN: - Carl I. Hagen og alle vi andre må forstå at det er umuleg å vedta korleis folk skal vere, skriv Jarl Wåge. Foto: BjØrn Langsem / Dagbladet
I HORNET PÅ VEGGEN: - Carl I. Hagen og alle vi andre må forstå at det er umuleg å vedta korleis folk skal vere, skriv Jarl Wåge. Foto: BjØrn Langsem / Dagbladet Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Sjuande far I. Hagen har klatra ned frå hornet på veggen. Han blei lei av å nyte sitt otium. No gjer han som sitt politiske idol Donald Trump og seier: «Fire år til». Han kjenner lukta av sagmugg og vil tilbake på Stortinget for Framstegspartiet.

Han kan forresten ikkje vere så veldig fornøgd med partiprogrammet deira for tida, for han har med seg sitt alternative framstegspartiprogram i sekken. Han skal mellom anna fjerne alle bomstasjonane i landet. Det løftet har vi høyrt før frå dei kantar, men partiet fekk det ikkje til sjølv om dei sat i regjering i sju år. Kanskje har han planar om å personleg reise land og strand rundt og fjerne dei?

Hagen vil også kjempe mot klimahysteriet. For det er det dei er alle som vil ha eit betre miljø og mindre forureining, hysterikarar. Så då blir det vel fri flyt av tut og kjør så lenge han lever. Så får heller kommande generasjonar ta ryddesjauen etter kortsynte, gamle menn.

Då Hagen var på topp som politikar, var det fyrst og fremst motstanden hans mot innvandring som skaffa han oppslutnad. Som då han skremte vatnet av tilhengjarane sine ved å lese opp eit falskt «Mustafa-brev» der «innvandraren Mohammad Mustafa» fortalde korleis islam planla å ta over Noreg.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer