DEBATT

Debattklima i politikken

Kva i alle dagar gjer eg i KrF?

Ikkje er eg avhaldsmann, ikkje støttar eg eit forbod mot abort, eg går knappast i kyrkja eller tilhøyrer nokon form for meinigheit.

INKLUDERING: Det er kanskje ikkje andakten eller ord for dagen som fengjer meg mest. Men det eg har opplevd i KrF, og spesielt i ungdomspartiet i KrFU, er den inkluderande partikulturen, skriv Hennikng Holsvik, her i Pride-tog i Oslo. Foto: Privat
INKLUDERING: Det er kanskje ikkje andakten eller ord for dagen som fengjer meg mest. Men det eg har opplevd i KrF, og spesielt i ungdomspartiet i KrFU, er den inkluderande partikulturen, skriv Hennikng Holsvik, her i Pride-tog i Oslo. Foto: Privat Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Eg er skilt åleinefar, brukar konsekvent aldri bibelske argument, og er av den sort som helst ikkje ynskjer å nemne Bibelen i partiprogrammet i det heile tatt.

Det var ikkje K-en i partinamnet, eller kristne verdiar, som gjorde at mitt val endte på Kristeleg Folkeparti. Stort sett det stikk motsette av kva Jonas Gahr Støre, Arbeidarpartiet og AUF ynskjer å stemple meg og alle andre i KrF som altså.

Så kva i alle dagar gjer eg i KrF?

Gode verdiar åleine er ikkje nok. Eit parti må vise til konkret politikk som gir utrykk for verdiane i praksis.

Sjølv er eg oppvaksen på gard, småbarnsfar og industriarbeidar. Dette gir utslag i at eg er heller pragmatisk og løysingsorientert av meg og oppteken av nettopp praktisk politikk.Kva, og korleis skal den løyse utfordringane i samfunnet?

Det var altså den praktiske politikken som avgjorde mitt val av parti. Men der er ein ting som gjorde at eg valde å engasjere meg enda meir: Partikulturen.

Så ja, kanskje ikkje andakten eller ord for dagen er det som fengjer meg mest. Men det eg har opplevd i KrF, og spesielt i ungdomspartiet i KrFU, er den inkluderande partikulturen. At det er høg takhøgd i debattar, med vidt forskjellige synspunkt. Eg har vore rykande ueinig i nokre sakar, og tidvis i full kollisjon med fleirtalet i partiet, andre gongar vore på lik bølgjelengd, og jammen fått gjennomslag for sakar.

Å engasjere meg i KrF har vore både lærerikt, engasjerande, og gøy! Og det finaste med kulturen utanom samhaldet: Å kunne vere ueinig i sak, og likevel få klapp på skuldra for gode argument. At nokon blir fryst ut fordi ein ikkje er på bølgjelengd med partileiinga, eller ueinig i partiet i enkelte sakar, har eg ikkje observert. Om noko, skulle eg nesten vorte fryst ut sjølv, for eg seier ofte klart ifrå. Men i staden opplever eg at partiet satsar på meg. Eg er då stort sett einig i mitt eige parti, med nokre unnatak. Og det må vere lov.

Så her står eg. I mi andre periode som folkevald i KrF. Kommunestyrerepresentant, er med i ymse utval, og fylkesleiar i KrFU på 3. året. Eg angrar berre på ein ting. Eg skulle vorte med mykje tidligare!

Både i medgang og motgang, er KrF eit parti som eg følar meg heime i. Og ser fram til å utforme ny og spennande politikk, og påverke partiet innanfrå. Eg kan tole ei og anna andakt, så lenge politikken er noko eg heilskapleg kan støtte, (stort sett).

Eg veit som politikar og far til to jenter, at det sjeldan er rom for reine gjennomslag og blanke sigrar. Kompromissar og forhandlingar er ein del av «gamet», nokon gongar vinn ein, andre gongar tapar ein, og nokre gongar blir det ei salig suppe av kompromiss for å møtast på midten. Slik er livet, også i politikken. Eg hadde nok vorte med vidare sjølv om retningsvalet til KrF hadde gått til venstre i 2018.

Men når eg ser korleis Støre og Arbeidarpartiet til stadigheit angrip KrF, det vere seg med å stemple oss som mørkemenn, ypparsteprestar, eller som kvinnefiendtlege kristenkonservative krefter, minnar det mest om ein furtete og forsmådd friar som fekk avslag. Politikken vår er vitterleg nok den same no, som før retningsvalet.

Måten ein omtalar andre parti og politikarar på i den offentlege debatten, gir ein god peikepinn på kven som fortener å få tillit frå veljarane. Også her syns eg KrF utmerkar seg positivt i forhold til enkelte andre parti. Så at Frp gjekk ut av regjeringa? Det lev eg eigentleg ganske godt med.

Eg er kanskje ein utypisk KrF-ar, men like fullt med på laget med engasjerte kristendemokratar. Og eg trur at det er mange som eigentleg er nærmare KrF og politikken deira, enn det dei er klar over.

Om ein legg vekk fordomane, og ser på politikken, trur eg mange vil bli overraska. Det vart i alle fall eg.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer