DEBATT

Høyere utdanning:

Mímir har rett

Dersom alle skaffar seg akademisk utdanning, må truleg mange av dei likevel køyra drosje og vaska toalettar om dei vil ha pengar til det daglege brød, for me har ikkje tre millionar jobbar for akademikarar.

DET SOM TRENGST: For å minska klasseforskjellane, hjelper det ikkje at fleire tar universitetsfag. Dei som gjer dei nødvendige jobbane, må få høgare lønn og betre arbeidsforhold. Det har Mímir Kristjánsson forstått, skriv innsendaren. Foto: Kristian Ridder-Nielsen / Dagbladet
DET SOM TRENGST: For å minska klasseforskjellane, hjelper det ikkje at fleire tar universitetsfag. Dei som gjer dei nødvendige jobbane, må få høgare lønn og betre arbeidsforhold. Det har Mímir Kristjánsson forstått, skriv innsendaren. Foto: Kristian Ridder-Nielsen / Dagbladet Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Leiv Olsen
Leiv Olsen Vis mer

«Mímir tar feil,» skreiv Ida Marie Søndrol i Dagbladet 2. august. Ungdommen må ta høgare utdanning for å komma seg ut av arbeidarklassen, meiner ho.

Så den dagen alle har universitetseksamen, treng me ikkje lenger folk som kan vaska, kjøra drosje og stå i butikken?

SIBIR: Skogbranner har ført til at flere landsbyer har måtte evakueres i Sibir 8. august 2021. Video: NEWS.YKT.RU, Yelena Alekseyeva og Vadim Skryabin / Reporter: Vegard Krüger Vis mer

Enkeltpersonar kan klatra oppover den sosiale rangstigen, men samfunnet kan ikkje fungera utan alle dei som vaskar, pleier gamle og sjuke, står ved maskinene i industrien og gjer alle dei andre manuelle jobbane.

Me såg det under pandemien. Då samfunnet blei «stengt ned», laga regjeringa ei liste over samfunnets kritiske funksjonar, dei jobbane ein ikkje kan stenga, då samfunnet er avhengige av at dei blir utført kvar dag.

Blant dei var også jobbar som ikkje fordra akademisk utdanning, t.d. sjåførar, lagerarbeidarar, tilsette i butikkar, på bensinstasjonar, mannskap på skip og riggar, posttjenester, brøytemannskapar — og mange fleire. Fyrst stod ikkje reinhaldarar på lista, men ingen — ingen — verksemd kan drivast utan reinhald, så dei blei lagt til.

Viss alle norske ungdommar skaffar seg akademisk utdanning, kven skal då ta seg av desse samfunnets kritiske funksjonar? Det fekk me òg eit hint om under pandemien. Me har gjort oss avhengige av å fly inn billeg arbeidskraft frå blant anna Polen og Vietnam (!).

Dersom alle skaffar seg akademisk utdanning, må truleg mange av dei likevel køyra drosje og vaska toalettar om dei vil ha pengar til det daglege brød, for me har ikkje tre millionar jobbar for akademikarar. I eit Utopia der alle nordmenn har akadmisk utdanning og kremjobbar, må framleis nokon ta seg av samfunnets kritiske funksjonar. Underbetalt arbeidskraft frå Vietnam og Indonesia?

Dei jobbane som er heilt nødvendige for samfunnet, er ofte bemanna av lågtlønte folk med lite utdanning. Skal me minska klasseforskjellane, hjelper det ikkje at fleire tar universitetsfag. Det som trengst, er at dei som gjer dei nødvendige jobbane, får høgare lønn og betre arbeidsforhold.

Det har Mímir skjønt. Vil Søndrol forstå det?

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer