DEBATT

Norske politifolk under krigen

Motvillige, norske gjerningsmenn

For å forstå korleis Holocaust kunne skje, må me òg forstå motvillige gjerningsmenn. Å stå opp mot undertrykkingsapparatet i Noreg under krigen, kravde kort og godt eit mot mange ikkje hadde.

MISLIKTE: Mange politimenn mislikte openbart sterkt det dei var med på. Nokre klarte å gjera ein forskjell. Andre måtte leva med at dei hadde blitt bidragsytarar til brotsverket skriv innsendaren. Foto fra Oslo 17. mai -41, då politifolk såg til at tilløpa til 17. mai-markeringar vart stoppa: Krigsarkivet
MISLIKTE: Mange politimenn mislikte openbart sterkt det dei var med på. Nokre klarte å gjera ein forskjell. Andre måtte leva med at dei hadde blitt bidragsytarar til brotsverket skriv innsendaren. Foto fra Oslo 17. mai -41, då politifolk såg til at tilløpa til 17. mai-markeringar vart stoppa: Krigsarkivet Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

25. november 1942 fekk ein ung konstabel i beredskapsavdelinga i Oslo-politiet ordren: Det var portforbod. Han og kollegaane måtte vera klare for morgondagen. Til kva, fekk dei ikkje vita.

Midt på natta vart så dei unge politirekruttane vekka og sett i marsj. Målet: Det norske politiske politiet, Statspolitiet, si kaserne. Der fann dei fort ut at dei ikkje var dei einaste som hadde fått slike ordrar: På plassen var det politifolk frå ulike einingar og med ulik ideologi, og også medlemmar av naziorganisasjonane Hirda og Germanske SS Norge.

Så steig ein mann fram: statspolitiinspektør Knut Rød. Talen hans til mennene gjorde det klart for alle kva dei skulle vera med på: Massearrestasjonar av jødiske barn, kvinner og eldre. Patruljar på tre mann hadde blitt sett opp, og dei var ikkje tilfeldige: Ideologisk tvilsame vart para opp med folk som sannsynlegvis ville ha få skruplar med å gå laus på jødane. Så fekk dei ei adresseliste og ein drosje.

Og så var det ut. For å henta jødar. For dei fleste av dei arresterte jødane var det første steg på vegen mot døden.

Kva val følte beredskapskonstabelen at han hadde? Å ropa ut kor urettvist dette var, i mengda av ukjende menneske, må ha verka skremmande. Politifolk hadde ved fleire høve fått demonstrert at openlys ordrenekt ikkje vart teke nådig opp. Med seg på patruljen hadde han menn han ikkje kjente, som han ikkje visste korleis ville reagera på forsøk på å undergrava ordren. Ville dei rapportera han? Kunne det då bli han som vart sett på ein båt til Tyskland og ein uviss lagnad?

I éin heim såg han noko som ikkje kan ha gitt han tillit til dei han var plassert saman med: Ein av dei nytta nemleg høvet til å stela frå eitt av sine offer. Paralysert gjorde han som å mange andre norske politifolk hausten 1942: Det han hadde fått ordre om.

Brått sto den unge konstabelen andlet til andlet med ei ung norsk-jødisk kvinne, like gammal som han sjølv: 22 år. Først blei ho glad – patruljen kunne nemleg fortelja ho at ho kom til å møta mannen sin igjen. Han hadde blitt arrestert for ein månad sidan. Men gleda varte ikkje lenge. Då ho steig ut av drosja såg ho eit grufullt syn: Bestemora hennar, 83 år gammal, heldt oppe av to politikonstablar på vegen mot landgangen til Donau. Kort tid etterpå vart den unge kvinna ført same vegen. 1. desember 1942 vart begge drepne i gasskammeret i Auschwitz.

Konstabelen skildra seinare scenene som utspelte seg på kaia som «forferdelige». Desperate og livredde menneske som «gråt uophørlig» – til inga nytte. På jakt etter ein sjanse til å gjera noko prøvde han å hjelpa arresterte jødar med å bera bagasjen. Men sjølv dette vart han til slutt nekta av ein tysk SS-mann. Som ein av fleire såg han skipet forlata Oslo hamn. Om bord var eit menneske han hadde vore med på å bringa nærare undergangen.

Raskt kom han til ein konklusjon: «Toppen av brutalitet og umenneskeleghet» var nådd. Han kunne ikkje lenger fortsetta som politimann.

Kort tid etterpå stakk han til Sverige saman med ein kamerat og kollega som hadde det på same vis. Der fortalte han i klare ord kva han hadde vore med på.

Han var nok ikkje åleine om å ha kvalar: I følgje han hadde dei fleste beredskapskonstablane følt det som «en lidelse» å arrestera kvinner og barn. Konklusjonen hos avhøyraren var klar: Historia til den «ærlege» beredskapskonstabelen verka «unektelig overbevisende.»

19. november 1942. Ei 12 år gammal norsk-jødisk jente var åleine heime. Brått ringte det på døra. Utanfor sto ein norsk politimann. Han spurte: «Er mor hjemme?» Ho sa nei. Då kom ord som skulle brenna seg fast for alltid: «Da må du være flink pike og fortelle mor det jeg forteller deg nå, for jeg har ikke anledning til å komme tilbake. Jeg har vært på Grini og kjørt din far på båten som skal til Tyskland i kveld. Jeg kjenner din far og han fikk hvisket til meg, gå hjem og fortell dette til min familie.»

Han hadde nettopp vore del av det maskineriet som førte faren i døden via skipet Monte Rosa. Der og då hadde han følt seg makteslaus til å gjera noko. Men no, utan vaktsame auge over skuldra, kunne han ikkje svikta ein mann i djupaste fare. Jenta gjorde som han bad om. Til då hadde mora vore tvilande til å flykta. Ho ønska ikkje å flykta frå sin arresterte ektemann. Men no var håpet ute. Konklusjonen hennar var klar: «Nå tror jeg det er på tide at barna og jeg kommer unna». Saman med foreldra og sine to døtrer, flykta ho til Sverige. Og livet.

I 2012 bad både statsminister og politidirektør offisielt om orsaking for at hundrevis av norske jødar vart arresterte av norske politifolk. Stoltenberg lova kamp mot haldningane som låg bak Holocaust. At dette har blitt del av fortellinga om Noreg under krigen er både viktig og riktig. Ein god del norske politifolk viste glød eller likesæle då dei fekk sin grufulle ordre, noko det i dag nærast er ufatteleg å forstå.

Men det gjaldt langt frå alle. Det er mange døme som dei to over – på menn som openbart mislikte sterkt det dei var med på. Nokre klarte å gjera ein forskjell. Andre måtte leva med at dei hadde blitt bidragsytarar til det største brotsverket på norsk jord under krigen. Og det utan å kunna visa til at dei hadde ytt jødar verkeleg verdifull hjelp.

For å forstå korleis Holocaust kunne skje òg i Noreg, må me òg forstå gjerningsmenn som dette. Menn som ikkje hadde noko spesielt mot jødar, men som vart bidragsytarar til folkemord fordi dei følte seg redde og makteslause i situasjonen dei brått sto i.

Å stå opp mot det undertrykkingsapparatet som vart etablert i Noreg under krigen, kravde kort og godt eit mot mange ikkje hadde. Og den erkjenninga krev at me stiller oss sjølv eit vanskeleg spørsmål: Kva er me eigentleg til stykket villige til å risikera for våre medmenneske?

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer