Få trudde nok at ei regjering med Senterpartiet og Arbeiderpartiet ville satse noko særleg på byane våre. Trygve Slagsvold Vedum har i fleire år gått til krig mot det han kallar «Oslo-eliten», og han har forsøkt å måle eit bilete av folk som bur i hovudstaden som el-syklande og røyndomsfjerne byråkratar.
Eg veit ikkje om Oslo-mannen Jonas Gahr Støre har el-sykkel, men han har i alle fall representert Oslo på Stortinget i 13 år. Statsministeren burde dermed vere godt oppdatert om byane sine utfordringar, som at 291 menneske har mista livet i overdosar sidan 2014.
Likevel gjekk Støre på talarstolen på Arbeidarpartiets landsmøte i fjor og tok livet av rusreforma. Ei reform som særlig ville hjulpe dei mange rusavhengige i byene våre og gjort det enklere å be om hjelp dersom nokon får ein overdose på fest eller på eit kaldt gatehjørne.
Ei anna reform som ser ut til å bli stoppa er domstolsreforma, eine og aleine fordi regjeringa i denne saka vil «lytte mindre på eksperter i Oslo og mer på «vanlige folk», som justisministeren seier. Regjeringa har fått massiv kritikk frå fagmiljø, frå sine egne lokalpolitikarar og frå organisasjonar på feltet.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger