DEBATT

Klimapolitikk:

No må gassen i bånn

No skal Noreg kutte utsleppa med 55 prosent innan 2030. Det er heilt enorme kutt. At utsleppa gjekk ned med stakkarslege 0,3 prosent i 2021, seier sitt om kor stor denne oppgåva er.

TØRKE: Sommaren har vist korleis passivitet frå generasjonar med politikarar kan gi meir av massive hetebølger, med tørke og matmangel, skriv kronikkforfattaren. Her frå Stegarosfjorden på Hardangervidda. Store sandbanker er synlege fordi det er lite vann. Foto: Ørn E. Borgen / NTB
TØRKE: Sommaren har vist korleis passivitet frå generasjonar med politikarar kan gi meir av massive hetebølger, med tørke og matmangel, skriv kronikkforfattaren. Her frå Stegarosfjorden på Hardangervidda. Store sandbanker er synlege fordi det er lite vann. Foto: Ørn E. Borgen / NTB Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Den tradisjonelle måten å drive politikk på duger ikkje i møte med klimaendringane. Tempoet og risikoviljen må opp.

Me har gjort det komfortabelt for politikarar som sit stille i båten, og risikabelt for politikarar som vil ta større grep. Det er skummelt no når me skal løyse klimaendringane.

Vårt politiske system er ikkje alltid er rigga for akutte grep. Som politisk rådgivar for SV i nesten ti år blei det ganske tydeleg etter kvart at ting tar tid. Me har offentlege utredningar som går over år og fører til stortingsmeldingar, som så blir behandla i Stortinget. Der kjem det vedtak, som regjeringa så skal følge opp, og det kan også ta årevis.

Avgjerder blir greia ut på grundige vis, både av embetsverk og andre. Me har Riksrevisjonen som kontrollerer det offentlege, og kontroll- og konstitusjonskomiteen som ettergår regjeringa, av og til med krevjande høyringar. Og me har ei kritisk presse som følger med på kor pengane går og om partia gjer som dei har lova.

Dette er solide styringsverktøy som har bidratt til gode avgjerder og stabilitet. Og ofte er dette til det gode for alle. Men systemet kan også gi overforsiktige politikarar og stoppe naudsynte politiske grep når me har dårleg tid.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer