DEBATT

Politileiing

Om å ha ballar i politiet og politikken

Tidlegare justisminister Per Willy Amundsen gjer stadig nye krumspring for å dekkje over alt gale som hans eige parti, Frp, gjorde medan dei sat i regjering. Siste trekket hans er å prøve å få alt til å handle om ei såkalla «feministisk» politileiing.

SAMFUNN I ENDRING: Norsk politi har endra seg fordi samfunnet har endra seg. Å redusere politiets nye arbeidsmetodar til å vera «feministisk», vitnar om ein skremmande mangel på kunnskap, skriv innsendaren. Her er to tidligere justis- og beredskapsministre Per-Willy Amundsen og Sylvi Listhaug.

Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
SAMFUNN I ENDRING: Norsk politi har endra seg fordi samfunnet har endra seg. Å redusere politiets nye arbeidsmetodar til å vera «feministisk», vitnar om ein skremmande mangel på kunnskap, skriv innsendaren. Her er to tidligere justis- og beredskapsministre Per-Willy Amundsen og Sylvi Listhaug. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Etter alle skiftande justisministrar frå Frp i Solberg-regjeringa hugsar kanskje ikkje alle at Amundsen var ein av desse. Men han var statsråd frå desember 2016 til januar 2018. Forgjengaren hans, Anders Anundsen, la fram den såkalla nærpolitireforma for Stortinget, og den vart vedtatt i 2015.

Begge desse statsrådane var sentrale for å få gjennom ei massiv sentralisering av norsk politi, men dei fleste lovnadene deira om kva dette ville føre til for politiet, har kokt bort i kålen. Meir nærpoliti har det i alle fall ikkje vorte.

På TV2-nyheitene 3. sept. var Per Willy Amundsen ute med kraftig kritikk mot dagens politileiing. Han knytte problema i politiet til noko udefinert kvinneleg og ønskte tøffare folk i politiet. Eg minte i same nyheitssending om at Amundsen sjølv ikkje hadde ballar nok til å takle frittalande politifolk og frittalande politileiarar den gongen han sjølv var justisminister.

Derfor blir det paradoksalt at han også har sagt at han ønskjer fleire som den tidlegare politimeisteren i Oslo, Willy Haugli. Eg deler ønsket om frittalande politimeistrar, men trur dessverre at Amundsen berre ønskjer seg dette når hans eige parti ikkje sit med ansvar i regjering.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer