Når ein skriv bok må ein vere førebudd på å få både gode og dårlege tilbakemeldingar. Litteraturkritikk er viktig og nødvendig, og det er berre fint at nokon som er uhilda kjem inn og vurderer eit verk. Kritikken er subjektiv. Ein må leve med at folk har ulike syn og meiningar.
Men eg trudde likevel det var visse objektive kriterium.
Dagbladets litteraturkritikar Jon Rognlien, som har bakgrunn frå det opposisjonelle tidsskriftet Gateavisa, som hadde anarkistisk og motkulturell profil, skriv i ei melding av boka mi, «Livvakt – på innsida av PST», at vi lever i «en totalitær tid der alle bevegelser er målt opp og bare det helt nødvendige er tillatt». Han skriv også at eg er «helt på lag med gjeldende norske 'verdier', og røper en nesten erotisk dragning mot de topptrente 'gutta' han får være samen med».
Eg skal ikkje kommentere vidare på hans karakteristikkar, eller prøve å forsvare meg mot dårleg kritikk – for kritikk må eg tole. Men eg har behov for å påpeike er følgjande:
Først: Når Rognlien presenterer direkte sitat frå boka, tar han ikkje med heile konteksten. «Han er heil ved og 'full pakke', han blir skildra som raus (…)», skriv Rognlien. Han presenterer det såleis på ein måte der det ser ut som det er noko forfattaren meiner, og ikkje at det er kollegane til hovudpersonen i boka som er kjelda til disse skildringane. Dette er tatt bort.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger