Tronarvingen som no har blitt myndig er landets fremste representant for eit altfor vidt fritaksregime i skriftleg sidemål.
Kong Haakon var også kommunistane sin konge, men dei har ikkje akkurat lagt seg i selen for at Ingrid Alexandra skal vere nynorskbrukarane si dronning.
Kronprinsparet tok dottera si ut av den offentlege grunnskulen og inn i ein privat internasjonal skule - der all undervising skjer på engelsk, fordi den då ti år gamle Ingrid Alexandra hadde behov for eit «grunnleggande nivå for å tenke, snakke og skrive på engelsk.»

Tonedøv bursdagsfest
«Foreldra syter for at ho får naudsynt opplæring i nynorsk», skreiv Slottet sin kommunikasjonsjef til VG. Dette kunne mor stadfeste. Foreldrene hadde «iverksatt flere tiltak» for at Ingrid Alexandra skulle lære seg nynorsk - som at ho las Halldis Moren Vesaas-dikt til besten og besta sitt 25 års-jubileum.
Eg tvilar ikkje på at kongefamilien vil nynorsk vel, men eg vil gjerne sjå det.
Nordmenn er jenter som er glade i jenter, gutar som er glade i gutar, og jenter og gutar som er glade i kvarandre. Nordmenn trur på Gud, Allah, Altet og Ingenting. Og nordmenn skriv både nynorsk og bokmål.
Slottet kan gjere mykje for nynorsken om Slottet vil. Dei kan bruke nynorsk i offisielle tekstar, talar og utetterretta kommunikasjon, til dømes.
Jubilanten har kanskje ikkje fått opplæring i heile det norske språket, men ho kan vise at ho forstår Noreg - og sørge for å bli ei dronning for heile landet.
Denne kommentaren ble først publisert på Facebook og er gjengitt med tillatelse.