DEBATT

Fotball VM

Qatar eller ikkje Qatar

Kongen av Qatar vil heilt sikkert kunne stråle om kapp med ørkensola den tida heile fotballverda rettar blikket mot landet hans.

FOTBALL-VM: Tilreisande fans kan nyte synet av qatarsk kunst. Men heilt sikkert ikkje gripande minnesmerke over falne gjestearbeidarar. Dei som måtte bøte med livet fordi byggherrane ikkje tykte dei var verdige nok til å bli tilbodne trygge arbeidstilhøve, skriv Jarl Wåge. Foto: Marwan Naamani / AFP / NTB
FOTBALL-VM: Tilreisande fans kan nyte synet av qatarsk kunst. Men heilt sikkert ikkje gripande minnesmerke over falne gjestearbeidarar. Dei som måtte bøte med livet fordi byggherrane ikkje tykte dei var verdige nok til å bli tilbodne trygge arbeidstilhøve, skriv Jarl Wåge. Foto: Marwan Naamani / AFP / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Det er så ein får lyst å radbrekke saleg William Shakespeare: «To Qatar or not to Qatar, that`s the question.»

2. desember 2010 blei Qatar tildelt VM i fotball i 2022 av 22 FIFA-dignitarar. Dignitarar er ikkje alltid mors beste barn, skulle det vise seg. Tre fjerdedelar av dei har i ettertid blitt suspenderte, etterforska og/eller tiltalte. Korrupsjon har vore gjennomgangsmelodi. «Money talks,» heiter det på sånn utanlandsk dei ofte snakkar i FIFA. I 2010 sa altså pengane: «Gje Qatar VM i fotball».

Neste år skjer det. Den kvinneundertrykkjande, homohatande oljestaten med ein allmektig kongefamilie, får sole seg i glansen frå verdas beste fotballspelarar når dei spring ut på gigantiske fotballstadion vi aldri har sett maken til. I det dommarane, på vegne av FIFA, bles i gong kampar på dei ulike arenaane, er dei samtidig med på å stuereinifisere den totalitære, ufatteleg rike, nasjonen.

Under opphaldet kan tilreisande fotballfans nyte synet av qatarsk kunst. Men heilt sikkert ikkje gripande minnesmerke over falne gjestearbeidarar. Dei som måtte bøte med livet fordi byggherrane ikkje tykte dei var verdige nok til å bli tilbodne trygge arbeidstilhøve. Dei vil vere ein saga blott. Eller som Bjørnstjerne Bjørnson ville sagt det: «Hvem teller vel de tapte slag på seierens dag.»

I juni 2013 vedtok Russland lover som gjorde det forbode å «drive homofil propaganda» i landet. Å vere open homofil er ein del av denne «propagandaen». Sagt på ein annan måte; russiske homofile blei gjort fullstendig rettslause. Til store protestar frå resten av verda. Også frå friidrettsutøvarar som skulle delta i VM i Moskva i august same året.

Mange håpa at protestane skulle vere like tydelege mot vertsnasjonen under VM. Det skjedde ikkje. Nokre kvinnelege atletar lakkerte riktignok neglene i regnbogefargar. Eit vakkert signal, men som vi veit, «høyrer ikkje idrett og politikk saman», og kven har ork til å protestere høglytt når dei er inne i VM-bobla. Putin fekk knapt ei ripe i lakken. VM var ein suksess, og homofile like rettslause.

Før OL i Sotsji i 2014 dukka krav om boikott opp i fleire land. Det skjedde ikkje. «Det er betre å vere til stades og påverke situasjonen,» er eit mantra når slike spørsmål dukkar opp. Mange utøvarar ville ha regnbogeflagg sydd fast på draktene og protestere på andre måtar. Uaktuelt. IOC har forbod mot politiske ytringar.

Putin kunne sole seg i propagandaglansen frå både VM i friidrett og OL. Sistnemnde med ein prislapp på 51 milliardar kroner. Homofile i Putin-land får framleis ikkje drive «propagande for legninga si» ved å vise at dei eksisterer.

I 2014 trekte Oslo sin søknad om å få arrangere Vinter-OL i 2022. Det blei eit enormt engasjement og eit folkeleg opprør mot OL-pampane og deira uendelege liste av luksuriøse og ugudeleg dyre krav. Eit fleirtal på Stortinget og Regjeringa leste stemninga i folket og sa nei til økonomisk statsgaranti.

I land etter land var IOC-pampeveldet uønska. Den eine søknaden etter den andre blei trekt tilbake. Til slutt var det bare to søkjarar att. Almaty og Beijing. Som vi veit, trekte Beijing det lengste strået, og enda eit diktatur er klare til å arrangere OL.

Då TIL, Viking og andre toppklubbar tok til orde for norsk boikott av Fotball-VM i Qatar, tenkte eg: «Hurra. Eit nytt, folkeleg opprør mot eit arrangement i ein totalitær stat.» No er lufta i ferd med å gå ut av den ballongen. «Det er betre å vere til stades og påverke situasjonen i landet,» er eit effektivt motargument frå fotball-leiarar.

Eit edelt, men akk så naivt motargument. Etter den høgst kontroversielle tildelinga av VM til Qatar, lova FIFA å gå inn og ta kontroll og sikre menneskeverdige tilhøve for «slavane» som hadde i oppdrag å byggje fasilitetane.

Skal tru kor heldige FIFA tykkjer dei har vore med det løftet? Om lag 6500 arbeidarar (det same som innbyggjartalet i Volda) har døydd under byggjing av stadiona. Gjestearbeidarar på slavekontrakt som bur i slumaktige husvere. Ofte fleire på eitt rom. Som kan bli sparka og sende heim på dagen. Som får elendige lønningar.

Ståle Solbakken er ein klok og reflektert mann. Men korleis kan landslagssjefen tru at han og landslaget skal klare å påverke situasjonen i Qatar? Skal spelarane entre stadion under opningsseremonien med digre banner som på arabisk krev levelege arbeidstilhøve for gjestearbeidarar? Skal dei ta ordet på bankettane og tale kongefamilien AL Thani og FIFA midt imot? Skal spelarane ha drakter med arabiske teikn som sender opprørske meldingar til folk i landet? Ja, om vi skulle kvalifisere oss, altså.

BEDRE Å UNNGÅ: - Det er bedre å unngå en boikott av Qatar-VM mener fotballlandslagets nyutnevnte kaptein Martin Ødegaard i et pressemøte 13. mars. VIDEO: Norges Fotballforbund Vis mer

Som vi stadig får innprenta «høyrer ikkje politikk og idrett saman». Veloppdregne som vi er, vil vi ikkje fornærme vertsnasjonen. Kongen av Qatar vil heilt sikkert kunne stråle om kapp med ørkensola den tida heile fotballverda rettar blikket mot landet hans.

Glansen vil definitivt bli langt mattare om Noreg og andre land viser han fingeren ved å seie klart og tydeleg frå om at grasmattene han tilbyr, er for blodige, steinharde og humpete til å spele på.

Samtidig vil det vere ein kraftig øyrefik til FIFA så dei ikkje fell for freistinga og igjen tillet at diktatur får bruke VM i fotball i propagandaaugemed.

Vi veit kva spørsmålet er. NFF har svaret.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer