DEBATT

Hytteopprør

«Slutt med sytinga»

«Overlevar etter den store hyttekrisa 2020/21». Ja, om eg overlever, altså.

HYTTEKRISE: - . Folk har fått hytta seg omtrent som vanleg. Men ikkje dei som har fritidseigedomar i Sverige, eitt av dei mest smitteutsette landa i Europa, skriv Jarl Wåge. Bildet er frå Eggedalsfjellene i Sigdal. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix
HYTTEKRISE: - . Folk har fått hytta seg omtrent som vanleg. Men ikkje dei som har fritidseigedomar i Sverige, eitt av dei mest smitteutsette landa i Europa, skriv Jarl Wåge. Bildet er frå Eggedalsfjellene i Sigdal. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

På Twitter er det ei som kallar seg «Survivor of the Norwegian butter crisis 2011». Smørkrisa der altså. Den uforgløymelege. Då Noreg gjekk tomt for smør. Takk og pris då for broderfolket i aust. Akkurat som då nordmenn kunne flykte over Kjølen og finne ei naudhamn der under 2. verdskrig, stod dei klare til å ta imot oss då vi valfarta dit i 2011 på jakt etter livgjevande smør.

Profilnamnet er så herleg ironisk at eg vurderer å herme og bytte mitt til «Overlevar etter den store hyttekrisa 2020/21». Ja, om eg overlever, altså.

Koronapandemien har blitt meir langvarig og krevjande en vi trudde den gongen viruset fann vegen over grensene våre i slutten av februar. Og meir inngripande enn vi kunne forestille oss.

Sidan den gongen har vi vore i ein kontinuerleg kamp mot covid-19. Ein kamp som har ført til at det norske folk har blitt pålagt den eine restriksjonen etter den andre. Restriksjonar som på ymse vis har gripe inn i liva våre, redusert livskvaliteten og hindra oss i å utfalde oss på same måte som vi vanlegvis kan.

Folk i Noreg har vore flinke. Vi har tilpassa oss og lojalt fylgt dei mange pålegga frå myndigheitene. Vi vaskar og anti-bacar oss og bruker alboge og fot som helse-reiskap i staden for hender. Vi held avstand og går utanom folk på gater og fortau. Vi opptrer ikkje i store flokkar. Vi avlyser arrangement. Vi har mindre kontakt med nære og kjære. Vi reiser langt mindre enn før.

Vi har grunn til å klappe oss sjølve på skuldera. Noreg er eitt av dei flinkaste landa i Europaklassen når det gjeld smittetal og talet på koronadødsfall. Dette har vi klart i samarbeid med fagfolk og politikarar som kontinuerleg har stått på med råd, vegleiing og strenge smittevernsreglar.

Inn imellom har vi vore møkka leie. Så leie at enkelte har brote reglane, gjeve faen i konsekvensane og deltatt i superspreiararrangement.

I dag då eg sat på cafè, måtte eg sende sms med fullt namn til eit nummer som var oppgjeve på ein plakat. Ein absurd situasjon. Eit storebror ser deg-tiltak som eg aldri ville ha funne meg i til vanleg. Men det var eit ledd i smittesporing, så då gjorde eg lydig som eg blei fortalt.

«Dei vil alltid klaga og kyta», skreiv saleg Ivar Aasen. Det er nordmanns vis. Heile tida har enkelte protestert mot alle smitteverntiltak. Hevda at korona ikkje er verre enn influensa. Dei som har klaga og kytt høgast og mest intenst, er mange norske hytteeigarar. Det blei eit ramaskrik då folk ikkje fekk reise til sine kjære hytter i påska. Grunngjevinga frå myndigheitene var at mange hyttekommunar ikkje hadde kapasitet til å ta seg av store og alvorlege smitteutbrot.

Etter kvart som ein fekk meir oversikt og kunnskap, blei desse restriksjonane letta på. Folk har fått hytta seg omtrent som vanleg. Men ikkje dei som har fritidseigedomar i Sverige, eitt av dei mest smitteutsette landa i Europa. Vil dei dra dit, må dei i karantene. Dette blir sett på som så urettferdig i høve til dei som har hytte i Noreg, at eitt tusen av dei har gått til søksmål mot staten.

I Dagbladet 15 desember får saksøkjarane støtte frå jusprofessor ved Universitetet i Oslo, Hans Petter Graver. Han hevdar at hyttefotbodet er eit åtak på menneskerettane, både når det gjeld eigedomsrett og retten til å ferdast fritt. Professoren har heilt sikkert rett. Men det er også slik at spesielle tider krev spesielle tiltak.

Difor får eg, som ikkje er professor i nokon ting, ein ubendig trong til å bli hersketeknisk unyansert og usakleg og utbryte: «Slutt med sytinga. Ikkje lag ei ny «smørkrise» ut av dette.» Restriksjonane er midlertidige? Dei vil bli oppheva så snart det er trygt og pandemien er under kontroll. Hadde dette derimot vore permanente åtak på menneskerettane, skulle eg vore ein av dei fyrste til å storme barrikadar og forsvare dei.

Dessutan er det slik at det alltid finst inngripande (og permanente) restriksjonar. Det vere seg private eigedomar som hindrar fri ferdsel i strandsonen, skilt med innkjøring forbode, uvedkommande ingen tilgong eller trakk ikkje på plenen

Etter denne lekmannen sitt syn, er den aller viktigaste menneskeretten, retten til å leve. Kan vi ikkje bare ta innover oss at alle forboda og påboda, anten vi liker dei eller ei, ikkje er der for å plage oss eller komplisere kvardagen, men for ganske enkelt å redde liv. Det er det kvart einaste hersens inngripande, avgrensande, irriterande, forpulte tiltak handlar om.

Om vi ser realistisk på det, har tiltaka dessutan virka. Sverige, som dei tusen saksøkande hytteeigarane så gjerne (og forståeleg nok) vil reise til, er mykje verre ute å kjøre enn Noreg. I grannelandet var dei seint ute med koronatiltak fordi dei trudde pandemien skulle brenne ut av seg sjølv. I skrivande stund har dei hatt 7667 koronadødsfall i Sverige. Tilsvarande tal i Noreg er 395. Sidan vi har halvparten så mange innbyggjarar som Sverige, kan vi på uvitskapeleg vis slå fast at restriksjonane i Noreg har redda godt over 3000 menneskeliv. Like mange menneskje som det bur i heimbyen min, Måløy.

Då får vi heller smøre oss med tålmod og tåle nokre midlertidige inngrep i retten til å ferdast fritt.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer