DEBATT

Rusreformen

Straffa si bakside

Straff er den sterkaste reaksjonen samfunnet kan ta i bruk for å motverke uønskte handlingar. Det bidreg òg til ei stigmatisering av lovbrytaren.

- Med rusreforma vil narkotika framleis vere forbode å importere, selje og oppbevare i store mengder. Men vi skal slutte å straffe folk for å ruse seg, skriv Sveinung Rotevatn og Ane Breivik. Foto: Berit Roald / NTB
- Med rusreforma vil narkotika framleis vere forbode å importere, selje og oppbevare i store mengder. Men vi skal slutte å straffe folk for å ruse seg, skriv Sveinung Rotevatn og Ane Breivik. Foto: Berit Roald / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Fire kjentmenn ved videregåande skular i Bergen uttrykker i Aftenposten bekymring for konsekvensane rusreforma kan ha for ungdom. Vi, derimot, er bekymra for kva konsekvens dagens ruspolitikk har.

Som leiar for rusreformutvalget påpeiker, har ikkje straff vist seg å være egna til å begrense bruk av narkotika. Bøter og fengsel er ikkje gode sosialtiltak overfor sårbar ungdom.

«Ungdommen i dag slit med einsemd og manglar ideologiar, og då er det lett å freistast til å prøve ein særs farleg snarveg», sa helsedirektør Karl Evang i 1966. Noreg hadde det året den første innlagde ungdomspasienten ved Statens klinikk for narkomane.

Evang representerte eit sosialmedisinsk syn på rusbehandling. Stoffavhengnad var etter denne tesen eit sosialt fenomen, ein ungdomsepidemi. Dette var bakteppet for kriminalisering av personleg bruk av narkotika i 1968, og ein vesentleg auke i strafferamma for narkotikalovbrot i 1972.

Straff er den sterkaste reaksjonen samfunnet kan ta i bruk for å motverke uønskte handlingar. Det bidreg òg til ei stigmatisering av lovbrytaren. I enkelte tilfelle kan dette vere føremålstenleg. Men stigmatiseringa av rusavhengige legg tvillaust stein til børa for dei som slit med rusproblem.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer