Hetsande kommentarar lot ikkje vente på seg etter at me i Stord SU engasjerte oss for klimasaka. «Tenn på driten», står det i kommentarfeltet. Det handlar om å setje fyr på ungdom, at dei vil sjå oss brenne. Er det slik unge som engasjerar seg skal bli møtt?
Den 27. April la me i Stord SU ut eit innlegg på Facebooksida vår. «100 store selskap - inkludert norske Equinor - står for 71% av verdas utslipp!», var overskrifta. Vidare forklart: Når nokre få, mektige, selskap står for så mykje av klimautsleppa, ligg det ikkje i vanlege folk si makt aleine å stoppe dei. Aksjonen var at ein dresskledd «kapitalist» helte «olje» over fire ungdommar frå lokallaget. Me ville skape debatt om kven og kva som har skulda for klimakrisa, og kor ansvaret ligg.
Gjennom eit oppslag hos Stord24 fekk me merksemd. Og når dei og Aktuelt Sunnhordland publiserte saka på Facebook-sidene sine, opna kommentarfelta seg. Her mangla det ikkje på misnøye.
Det var mykje av det vanlege grumset, som at me ville stoppe oljekrana over natta, eller at me var hyklerske fordi me brukte (mat)olje - eller til og med ei plastbøtte til aksjonen. Men det som skilte seg ut denne gongen var ikkje dumskap, men ondskap.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger