DEBATT

Klimasøksmålet i Høyesterett

Tiårets viktigaste rettssak

Klimasøksmålet som startar i Høgsterett i dag kan bli eit historisk vendepunkt.

Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet (f.v.) med Frode Pleym, Therese Hugstmyr Woie og Steinar Winther Christensen.
Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet (f.v.) med Frode Pleym, Therese Hugstmyr Woie og Steinar Winther Christensen. Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Akkurat no står slaget om me klarer å etterlate ein sunn klode til dagens unge. Om me ikkje lukkast, må dei vakse opp med meir ekstremvær, artar som døyr ut og menneske som blir drivne på flukt.

Vi meiner at den norske staten bryt § 112 i Grunnlova når den deler ut nye løyve for oljevirksomhet i Arktis. Grunnlova gir alle borgarar rett til eit sunt og helsesamt miljø. Forskarane er tydelege på at det allereie er funne mykje meir olje og gass enn det som går overeins med klimamåla verda og Noreg har forplikta seg til. Dessutan er den sårbare naturen i Arktis under press, og eit oljesøl her vil vere katastrofalt for fisk, sjøfugl, sel, kval og andre dyre- og planteartar.

Sidan klimasøksmålet blei levert hausten 2016, har det vore gjennom to omgangar i retten. Staten har måtte svare på korleis styresmaktene kan sikre borgarane sin rett til eit sunt miljø når dei også legg opp til oljeboring i Arktis.

Med klimaforskarar og økonomar som vitne, har me levert ei solid mengde bevis på at det ikkje går an. Klimasøksmålet har gradvis vunne fram på viktige punkt som har styrka miljøretten i Noreg.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer