DEBATT

Stormingen av kongressen

Varsellampane som lyste

Vi treng visjonære, modige, rakrygga politikarar som til ei kvar tid er klare til å ta kampen opp mot nedbrytande krefter slik at vi ikkje endar opp som ein bananrepublikk.

VARSELLAMPE: - Dessverre har vi sett liknande tendensar i Noreg òg. Anten har ikkje politikarar sett, eller dei ville ikkje sjå, varsellampane som lyste, skriver kronikkforfatteren. Foto: Win McNamee / Getty Images / AF / NTB

VARSELLAMPE: - Dessverre har vi sett liknande tendensar i Noreg òg. Anten har ikkje politikarar sett, eller dei ville ikkje sjå, varsellampane som lyste, skriver kronikkforfatteren. Foto: Win McNamee / Getty Images / AF / NTB

Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Då vi såg opprørarar storme Capitol-bygninga i Washington, sjølve symbolet på verdas mektigaste demokrati, og jage folkevalgde iførte gassmaske på flukt for å komme seg i sikkerheit, var det ei skremmande og tydeleg påminning om kor skjøre demokratiske styresett er.

Når vi har framtredande politikarar som ikkje er i stand til å sjå faresignala, som ikkje ser at demokrati er under press frå alle kantar, då er det nødvendig å rope «varsko her».

«Trump er ikkje skikka til å vere president etter det vi har sett nå,» sa Sylvi Listhaug etter kuppforsøket på Capitol Hill som den amerikanske presidenten dro i gong onsdag. Flott. Klar og tydeleg avstandstaken som blei sitert i alle media. Det liker vi. Men kva i all verda meinte ho med «etter det vi har sett NÅ»? Var det onsdag han plutseleg slutta å vere skikka?

Då Trump blei vald til president i USA i 2016, var vi mange som var forskrekka, skremte og fortvila. Allereie den gongen meinte vi at Trump langt frå var skikka til eit slikt oppdrag. Personleg har eg lenge kalla han verdas farlegaste mann. Listhaug gjekk derimot ut og ba folk roe ned. «Vi snakker ikke om en bananrepublikk her. Det er en supermakt som har et solid statsapparat,» sa ho den gongen.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer