DEBATT

Hat eller kritikk?

Vi som hatar Frp

Vi er visst mange. I alle fall om vi skal tru framtredande Frp-politikarar og svorne tilhengjarar som boltrar seg i kommentarfelta på Facebook-sidene deira.

HAT ELLER KRITIKK?: Er det «på-seg-sjølv-kjenner-vi-andre» når Frp-politikarar meiner det er hat som ligg bak kritikk av politikken og standpunkta deira, spør Jarl Wåge. Foto: Berit Roald / NTB
HAT ELLER KRITIKK?: Er det «på-seg-sjølv-kjenner-vi-andre» når Frp-politikarar meiner det er hat som ligg bak kritikk av politikken og standpunkta deira, spør Jarl Wåge. Foto: Berit Roald / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Frp-hatarane er dei fleste som vågar seg frampå med kritikk av partiet, faktisk. Anten hatar vi dei eller så lyg vi om dei. Viss vi ikkje gjer begge delar.

Då eg for ei stund sidan hamna i avispolemikk med Siv Jensen fordi eg meinte at ho og partiet ikkje har tatt klart og tydeleg standpunkt mot høgreradikale krefter, deriblant koranbrennarar, lemna ho ingen tvil om kvar David kjøpte ølet. Jensen nemde riktignok ikkje h-ordet, men meinte at eg er tunglært og nærmast ein Trump-kloning. Dessutan pleier eg ein «i overkant lemfeldig omgang med fakta». Eller lyg, som det også heiter.

Nestemann ut var Christian Tybring-Gjedde som meinte seg forfylgd av Black Box Theatre og folka bak teaterstykket «Ways of Seeing». Eg skreiv eit kritisk motsvar til dette, og dermed var eg ein hatets apostel. «Det gode hatet», som det heiter i dei kretsar. Det hatet venstresida visst har einerett på og som offera som kjem i nedslagsfeltet for det, ikkje har ein sjanse til å forsvare seg mot.

Førebels siste par ut i hat-bøtteballetten er to av dei mange som fekk ei gjesterolle som justisminister i den blåblå regjeringa. Opphavet til synda denne gongen var ein kritisk kronikk eg hadde i Dagbladet om «vaksinenasjonalistane» Sylvi Listhaug, Per-Willy Amundsen og Trygve Slagsvols Vedum som gjekk til åtak på regjeringa fordi Noreg bidrog med 700.000 vaksiner til fattige land.

Noko eg påstod var ein både nærsynt og egoistisk reaksjon. Når vi står overfor ein farleg, global pandemi, er det svært lite løysingsorientert å tenkje at kvart land har nok med si eiga plage. Det viser seg fort at om vi tenkjer proteksjonistisk, må vi plutseleg leve med andre si plage òg. Som muterte virus frå England, Sør Afrika, Brasil og no sist, India.

I eit tilsvar avleverte dei to Frp-politikarane følgjande kraftsalve: «Jarl Wåge kommer med grove angrep på Frp, og det er ikke første gang Wåge lar sitt hat mot Frp skinne gjennom». Hat-kortet der òg altså.

Så til poenget. Er det «på-seg-sjølv-kjenner-vi-andre» når Frp-politikarar meiner det er hat som ligg bak kritikk av politikken og standpunkta deira? Er det hat som er drivkrafta når dei sjølve kritiserer politiske motstandarar og deira standpunkt?

Var det muslimhat som fekk Siv Jensen til å lansere uttrykket «snikislamisering» og dermed gje eit inntrykk av at muslimar har som agenda å islamisere landet vårt? Var det hat mot politiske motstandarar som fekk ho til å omtale to av dei som «Vingle-Jonas og Ulve-Audun»?

I 2010 skreiv Christian Tybring-Gjedde og Kent Andersen den sers tendensiøse kronikken «Drøm fra Disneyland». Der hevda dei mellom anna at Arbeiderpartiet ikkje var opptekne av norske verdiar, men la landet ope for kulturmarxisme, globalisme og uhemma innvandring. Var det AP-hat som inspirerte tastefingrane?

Var det hat mot Arbeidarpartiet Sylvi Listhaug let skine gjennom den gongen ho påstod at AP prioriterer terroristar framfor det norske folk? Hatar ho folk som ikkje er like negative til innvandring som ho er, når ho kallar dei «godhetstyranner»?

PÅ TUR: Frank Løke er på tur i Himalaya, hvor en nordmann har blitt smittet av coronaviruset. Dette får assisterende helsedirektør, Espen Nakstad, til å advare. Video: Dagbladet. Foto: Instagram/@actionfrank Vis mer

Då ein høgreradikal mann i Kristiansand blei myrda i oktober 2020, var Per-Willy Amundsen lynraskt ute og peika på det han kalla «valdsvenstre» som sannsynlege gjerningspersonar. Ettertida har vist at det slett ikkje var tilfelle, men spørsmålet melder seg; var det hat mot venstresida som fekk Amundsen til å trekkje forhasta slutningar? Og når han vil leggje ned Sametinget, er det glødande samehat som motiverer?

Eg skal slett ikkje gje meg ut på å granske FrP-politikarar sine hjarte og nyrer. Som om eg ikkje har meir enn nok med min eigen navle. Men om det verkeleg er slik at dei meiner kritikk har sitt utspring i hat, då lurer eg på om grunnen til at dei bruker av si dyrebare tid til å kritisere meg, eit gudsord frå Ytre Nordfjord, er at dei hatar meg?

Det håper eg inderleg ikkje. Ja, ikkje misforstå. Dei står sjølvsagt fritt til å hate meg til dei blir formørka i sinnet og svarte i blikket. Greia er at det er bortkasta energi. Eg vil ikkje merke noko til eit slikt hat same kor intenst det måtte vere.

Hat går fyrst og fremst utover den som hatar. Hat er som eit koronavirus som spreier seg i kroppen og forringar livskvaliteten. Alle menneskje har fått utdelt ei nøye tilmålt tid her på jorda. Tenk så viktig det er å forvalte tida vi har til disposisjon, på best muleg måte. Å kaste ho bort på å hate er i alle fall ei fatal feilinvestering.

SPØRRETIMEN: Onsdag 24. mars får stortingsrepresentant Bård Hoksrud alle til å le etter denne kommentaren. Vis mer

Dess eldre eg blir, dess meir opptatt har eg blitt av dette med livskvalitet. Difor er det nesten litt komisk når Jensen, Tybring-Gjedde, Listhaug og Amundsen let til å tru at denne aldrande herren (herren, faktisk!) er viljug til å kaste bort mine siste leveår på å gå rundt og hate dei. Eg kan love at eg har heilt andre og langt viktigare ting å bruke tida på.

Det eg også kan love, er at eg kjem til å bruke mykje av den tida eg har att her på jorda til å kritisere og ta til motmæle mot alt eg tykkjer er kritikkverdig. Det håper eg å kunne gjere, for å sitere Sylvi Listhaug: «Så lenge det er pust i meg».

PÅ TUR: Frank Løke er på tur i Himalaya, hvor en nordmann har blitt smittet av coronaviruset. Dette får assisterende helsedirektør, Espen Nakstad, til å advare. Video: Dagbladet. Foto: Instagram/@actionfrank Vis mer

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer