Les IT-rapporten ein gong til!

Den moderne informasjonsteknologien kan misbrukast, men kan og letta tilveret for menneska. Det gjeld å finna likevekt mellom det gode og det mindre gode. DEBATT:

SV-leiar Erik Solheim skriv i Dagbladet kritisk om rapporten frå statssekretærutvalet for informasjonsteknologi, og positivt om ein EU-rapport om det same temaet. Det verkar som Solheim slit og strevar, men han blir springande imellom - best utan ball. For saka er at dei politiske spørsmåla han etterlyser debatt om, er drøfta i rapporten frå statssekretærutvalet. Spørsmåla er reist, men Solheim har ikkje oppdaga dei.

Solheim bommar når han hevdar at vi ikkje er opptekne av at mennesket skal ha kontroll over teknologien og ikkje omvendt. Solheim etterlyser eit sterkare Datatilsyn. Det er å starta i feil ende. Først treng vi debatt om kva for kontroll samfunnet treng og kva for informasjonsfridom vi vil gi oss. Det er ein viktig debatt vi må ta først.

La oss ta eit døme frå det daglege liv, henta frå rapporten frå statssekretærutvalet: I utvalet peikar vi på at det kan oppstå konflikter mellom behovet for personvern og samfunnets behov for informasjon. Gjennom bruk av bankkort og teletenester er det mogeleg å registrera korleis vi lever, og kvar vi flyttar på oss. Vi kan vera samde om at det vil vera ille dersom banken vår eller Telenor skal kunna kartleggja kva vi til ei kvar tid føretek oss. Likevel er det ikkje berre enkelt å setja grensene for kva for informasjon som skal vera tilgjengeleg og for kven. Her kjem vi inn på noko vi kan kalla for informasjonssolidaritet. Grunnleggjande medisinsk informasjon om sjukdomsbiletet til ein person kan vera avgjerande for om ein annan person får riktig behandling i ein livstrugande situasjon. Har han eller ho som fekk behandling først, krav på at helsevesenet «gløymer» grunnleggande erfaring som er tilgjengeleg? Er det sikkert at rop om meir datatilsyn er svaret?

Sperrer

Og for den einskilde: Eit trafikkoffer blir lagt inn på sjukehuset i umedviten tilstand. Sjukehuset treng opplysningar om sjukdomsbiletet til pasienten. Men av grunnar som gjeld personvernet, er ikkje sjukehuset sitt dataanlegg kopla til primærhelsetenesta i kommunen. Det hastar med å behandla pasienten. Legen veit ikkje at vedkomande har ein sjukdom som kan skapa komplikasjonar ved operasjon og feilmedisinering. Mangelen på informasjon - som finst, men som er sperra for legen - kan vera fatal og føra til døden. Det er derfor ikkje alltid at strengast mogeleg sperrereglar gir dei resultata vi ønskjer. Vi står overfor nye dilemma. Dei gjer vi klokt i å debattera med eit ope sinn.

Nye jobbar

Solheim meiner vi må ha ein sosialpolitikk i bakhand når teknologien fjernar gamle jobbar. Det er ikkje vår kurs. Svaret må vera å framskaffa nye jobbar. Og det skjer. Vi tar i bruk ny teknologi i stor stil, og samstundes veks talet på arbeidsplassar. Det skjer over heile landet. Ser vi dei siste 20 åra under eitt, er det Oslo og delar av Oslofjord-regionen som har hatt den svakaste sysselsetjingsutviklinga. Veksten har vore større i andre delar av landet. Dette skuldast både ein god fordelingspolitikk, men også at det å ta i bruk ny teknologi er noko distrikta tener på.

Fårar

Bruken av IT-teknologi representerer så avgjort fårar. Det peikar rapporten på. Skeiv fordeling av kunnskap er den største. Og Solheim kan ikkje på ramme alvor meina at Arbeidarpartiet ikkje er oppteken av dette. IT er på full fart inn i skulane, og IT må sterkare inn i etterutdanning. Å sikra ei rettferdig fordeling av denne kunnskapen er kanskje ei av dei største utfordringane vi står overfor i fordelingspolitikken. Større kunnskap til folk flest har alltid medført at demokratiet rykkjer framover. At aviser, bøker, radio og TV er blitt tilgjengelege og til prisar som er overkommelege for alle, har vore viktig for folkeopplysninga og dermed demokratiet i Norge. At teletakstane er reduserte med 2/3 i løpet av eit par tiår merkast ikkje berre på pengepungen - det har dekka mange sitt behov for kontakt og gjort kvardagen enklare. IT til alle er ei forlenging av denne vegen.

Media kan misbrukast. Vi har likevel ikkje førehandssensur av media i Norge. Vi har ei lovgiving på medieområdet som gjeld for alle former for informasjon. La oss ikkje sparka hol i lause lufta ved å ropa på elektroniske bokbål. Vi må vakta oss vel for å gjera det for vanskeleg å ta det nye i bruk. Vi må få ned kostnadane på tenester og få IT-opplæring ut til alle. Her trur eg Solheim vil vera med på laget. Men da bør han studera IT-rapporten noko nærare.