Afghanistan – krig for at jenter skal få gå på skule?

Mener Stoltenberg angrepskrig er riktig for å styre andre stater slik vi ønsker?

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I ein kronikk i Aftenposten i dag skriv statsministeren vår at ein av hovudgrunnane til at vi skal vere med på å okkupere og krige mot motstandsrørsla i dette landet er for å sikre at jenter skal få gå på skule.

Synest statsministeren vår, som elles i mange saker synest å vere ein fornuftig mann, at angrepskrigar og okkupasjonar er rette måten å få andre statar til å styre slik vi (som veit best) synest det burde gjerast?

Mange land har liten respekt for menneskerettar og demokrati, faktisk har langt over halvparten av verdas befolkning slike styresett. Skal så vi (som framleis veit best) angripe og okkupere desse?

Viss vi som har ”perfekte” styresett meiner at det ikkje er andre måtar å få andre til å lære og kopiere desse enn gjennom truslar og vold, så kan vi vel ikkje vere så overtydde om at vi er så perfekte likevel?

Viss Jens verkeleg meiner at det er legalt å gjennomføre ein angrepskrig mot eit land fordi deler av ei terroristgruppe som er mistenkt for ei terrorhandling har tilhaldsstad der så er ikkje mange land trygge.

Når det gjeld Afghanistankrigen, så var vel ingen av dei som utførte angrepet på bygningane i USA frå Afghanistan. Dei var derimot frå USA-vennen Saudi-Arabia som framleis har eit prestestyre ikkje ulikt dåverande styre i Afghanistan.

Det har vel også hendt at folk som er busett i Noreg kjenner nokon som har utført kriminelle handlingar utanlands. Om slikt skjer på nytt , er vi då legale angrepsmål for det landet der denne handlinga blir utført?

Viss Jens og dei andre styrande i dette landet verkeleg ynskjer fred og sameksistens og best mogelege vilkår for alle folk i verda, så er det heilt andre grep enn slike angrepskrigar som Irak- og Afghanistankrigen på grunn av stormaktsinteresser som må til.

Kva med å arbeide for ei verdenspolitiordning etter modell frå velfungerande nasjonale politi- og rettsvesen? Slike politistyrkar må slå til både ved angrep og aggresjon frå utanlandske styrkar og også ved innanlandske overgrep mot eiga befolkning.

Uavhengige domstolar må då også ha mynde til å dømme ansvarlege statsleiarar som bryt lovene. Eit generelt tiltak mot land som utfører alvorlege overgrep mot eiga eller andre land si befolkning kan vere (i tillegg til handelsboikott) vere utestenging frå internasjonale idrettsarrangement inntil tilbaketrekking av okkupasjonsstyrkar er utført eller tilfredsstillande nivå for demokrati og menneskerettar er oppnådd.