Alt for Noreg

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Som bestefar sin, Håkon VII , som sg ville vera konge for kommunistane, har kong Harald nå funne si vesle utgruppe han vil vera konge for: Nynorskfolket. I siste nummer av Norsk Tidend, bladet til Noregs mållag, seier han:

- Eg var ikkje særleg flink i sidemål sjølv, hugsar eg. Og eg skjønar at opplæring i to skriftspråk fører til mindre tid til opplæring i eitt språk, slik det til dømes er i andre land. Men det er på same tid klårt at så lenge vi har to skriftmål i landet, må vi lære å meistre båe språka. Difor er det rimeleg å halde på sidemålsopplæringa i skulen.

Kongen syner seg rg å vera dialektgranskar: - Eg har til hobby å finne ut kvar folk kjem frå; dialekten deira fortel kva bakgrunn folk har. Eg synest det er heilt flott at ikkje alle høyrest ut som dei kjem frå Oslo.