Angsten for kunnskap

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«KULTURKAMP»: Dagbladet diskuterer om Kristin Clemet «vant» debatten om skole, og kva som har gått galt i norsk skoleverk. Den norske skolen har blitt beskyldt for å vera for «elevsentrert». Elevene sine lyster og behov som styrer undervisninga. Dette har, blir det hevda, både gått utover håndhevinga av normer for oppførsel og faglegheit.

Problemet i skolen ser heller ut til å vera knytt til læring. Det virkar som det norske klasserommet, fra første klasse av, er knuga og regulert av ei djup og lammande frykt for at læringa skal løpa løpsk og komma ut av kontroll.

Læring blir nesten som giftig medisin: ho kan berre tålast i små, tilmålte og strengt standardiserte doser. Det er farleg både for individet og fellsskapet dersom læringa plutseleg skulle skyta fart, glømma tid og stad og la seg riva med av ein indre dynamikk og fascinasjon for det substansielle i faget – og gå over i ein tilstand kor læraren og pensum blir meir eller mindre irrelevante. Redselen er så stor at det virkar som om det er skolens sentrale verdigrunnlag som går i knas av for «vill» læring. Dette er overhodet ingen spøk.

Derfor blir det skjulte pensum drilla fra første dagane i første skoleåret. Og det handlar om sjølve relasjonen til læring og er samtidig skolens sentrale prosjekt for psykologisk forming: læring skal ikkje styrast av indre begjær, men ytre disiplin.

Det er enkelt å hindra elevar i å sprinta vidare, til neste nivå i faget. Det skal berre litt disiplinering til. Her lykkes den norske skolen svært bra. Men å løfta dei «svakaste» opp til standarden, slik at dei får basisen av dei såkalte basisferdighetane, har vist seg å vera ei umogleg oppgave. Resultatet er at standarden blir eit kollektivt tak for elevane sine ferdighetar, og ikkje eit golv. Dette er så velkjent at det må kallast ein bevisst hovedeffekt av skolepraksisen. Gløden etter å søka innsikt og kunnskap er svært sårbar og utsatt. Derfor er det mykje enklare å ta motivasjon til læring fra elevane enn å skapa han.

I den norske skolen skjer dette på to måtar. Dei flinkaste blir tvinga til å legga bånd på det naturlege læringstempoet sitt, og blir nekta tilferdsstilling av kunnskapsbegjæret. I staden blir dei dirigert inn i uendelege sløyfer av repetisjonar, venting og rein kjedsomhet. Det dei lærer, er kort og godt å ikkje bruka evnene sine.

Samtidig blir det satt inn store ressursar på å læra dei «svakaste» elevane basisferdighetar i norsk og matematikk. Jo dårlegare motivasjonen og forutsetningane er, jo større blir ressursane. Mykje av dette er både bortkasta og inhumant. Om ikkje ein person orkar eller tåler eit måltid, skal det likevel tvingast ned gjennom halsen, sjølv om alt blir kasta opp igjen. I staden for å utvikla evnene til elevene, blir det heile tida fokusert på mangelen, det dei ikkje har, med tilsvarande konsekvensar for sjølvbildet.

Pedagogikken i skolen relaterer seg til ein ideologisk konstruert og normalisert elev, og til ei rekke førhandsbestemte oppfatningar om kva som er denne eleven sine behov. Dette er det motsatte av kommunikasjon, nemleg objektivering. Det gjør pedagogikken sjølvsentrert – ikkje elevsentrert. I bøkene om barndomen sin, skreiv Jan Myrdal om forholdet til foreldra, som kanskje var verdas mest berømte sosialdemokratar. Særleg fekk mora Alva hard krtikk. Ho ville gjøra sønnen til eit korrekt og perfekt pedagogisk prosjekt. Han kjente aldri at Alva var interessert i han som person, men som eit ideologisk middel. Denne reduksjonen er kjerna av sosialdemokratiet sin pedagogikk, og kan vera ganske brutal nettopp på grunn av alle dei gode hensiktene sine.