Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Nyheter

Mer
Min side Logg ut

Anonyme aksjonærar

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Nå har dere journalister også møtt virkeligheten. Dere har levd på en illusjon om at Dagbladet er noe spesielt, og at kapitalen lar dere være i fred. Nå har dere lært at det bare finnes én slags kapitalisme, og at den har ett mål når det kommer til stykket: utbytte og profitt.»

Han var lei seg etter Dagbladets generalforsamling han også, den gamle tillitsmannen frå Grafisk. Men han var ikkje overraska, og slett ikkje utan ein viss triumf: «Har vi ikke alltid prøvd å fortelle dere at sådan er kapitalismen? Når kapitalen finner det nødvendig, bruker den makta, kaster sløret og driter i alt preiket om Dagblad-ånden som Jens P. Heyerdahl har forført dere med.»

iniEg er sikkert ein livsløgnar og tilhører som sådan den forrige generasjon. Eg har trudd at ein stakeholder skulle vurdera det langsiktige forholdet mellom bedriftens mål, samfunnsbidrag, dei ansattes motivasjon og eigarane sitt utbytte.

Men nå har eg kulturkollidert med porteføljeforvaltarane, kapitalismens nye ansikt. Dei er i 30-åra, ser ut til å koma frå velmøblerte heimar, tener sjusifra og er pene i tøyet. Under venstre arm har dei ei lita veske med ei avtalebok til å slå opp i for å hugsa kva for ei generalforsamling dei er på i dag. Så får dei ein stemmeseddel med 174618 stemmer til bruk på kjøttvekta. Derfor treng dei ikkje bruka stemme og ord offentlig, og dei synest at dei som gjer det, er komiske og masete. Dei er sikkert også ekstra frista av lysten til å demonstrera makt og gje journalistar ein på trynet - vi som maser om opsjonane og millionprovisjonane deira.

iniPorteføljeforvaltarane er kapitalismens nye generasjon, den ansiktslause og ansvarslause fortroppen som blir send ut i krigen med eitt mål for sine kalkulatorar: Å auka shareholder's value og sin eigen provisjon så raskt som mulig - uansett om det sagar over den greina eigarane sit på. Det gjeld bare å hoppa til neste grein i tide.

Dei anonyme har lært seg ei lekse om porteføljeforvaltingsprinsipp som dei bruker uansett om det dreier seg om pizza eller publikasjonar, assuranse eller avis. Dei kan lesa tal og rekneskap og slå ned på bunnlinja, men det er også alt dei kan. Meir meiner dei heller ikkje det er nødvendig å vita, for kunnskap ut over det er forvirrande heft. Offentlig argumentasjon er latterlig. Gode og sikre arbeidsplassar er sosialt tullpreik. Eit hus i strid med seg sjøl er ikkje deira ansvar. Bedriftskultur er eit fremmendord.

Dei vil ha oss til å jobba for aksjeeigarane sin profitt som fremste mål - med trugsmål om innskrenkingar som pisk og løfte og pekuniært utbytte som gulrot. Det er verken inspirerande eller utviklande for korpsånd og stå-på-vilje. Kaldare og avsjela arbeidsplassar blir resultatet.

iniFleire av Dagbladet sine store eigarar vil gjerne framstå som nasjonale strategar med ein høgare himmel over sin butikk og sitt pengeflytteri. På arbeidarrørslas kampdag sto Jens P. Heyerdahl på talarstolen i Folkets Hus på Løkken og hylla det personlige eigarskapets forpliktelse og velsignelse. Men han lar seg ikkje framføra i frihet utan å ha full regi. Han er ein mann for lukka rom - ikkje for åpne landskap.

Desse generalane som elles er så personlig synlige, er feige eigarar som held seg unna ubehagelige fora der deira vikarierande motiv kan gås etter i saumane. Då sender dei sine anonyme porteføljeforvaltarar ut i krigen. Men dei møter sjøl fram til middagen - utan porteføljeforvaltar - for å divertera seg i salongane etterpå med skodespelarar, diktarar, journalistar og andre interessante stemmer utan stemmerett.

iniMen ein ting skal dei ha, både porteføljeforvaltar og store, profesjonelle eigarar: Dei bryr seg katten om det som står i avisa, bare investeringane lønner seg. Dagbladets frihet og uavhengighet er ikkje truga av at eigarane vil ha redaktør og journalistar til å skrive med påhalden penn. Dagbladets frihet og uavhengighet er truga av å bli vevd inn i Orkla-konsernets sjablongmessige krav til driftsmargin og utbytte, strategisk samkjøring, driftsmessig samordning og forretningsmessig standardisering.

I Norsk Presseforbunds «Redaktørplakaten» blir det slått fast at innanfor rammen av avisenes grunnsyn og formål «skal redaktøren ha en fri og uavhengig ledelse av redaksjonen og full frihet til å forme avisens meninger, selv om de i enkelte spørsmål ikke deles av utgiver og styret». Dagbladets eigarar kunne gje redaktør Stanghelle dette som eit nytt kapittel i avisas vedtekter som forsoningsgave. Det ville vera å slå fast ein symbolsk realitet. For det betyr ulykke å bli overkjørt av tretten dampvegvalsar - også for dampvegvalsane.