Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Nyheter

Mer
Min side Logg ut

Avstatsrådifisering

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

INIDet er ikkje lett å vera førstereis på Stortinget. Meir enn dei fleste arbeidsplassar har parlamentet sine særeigne kodar og merkelige arbeidsrutiner. Når den første pirringa har lagt seg, går mang ein fersk representant inn i ein forvirra og frustrert fase. Derifrå kan vegen til parlamentarisk depresjon vera kort. Til meir handlekraftige og eksekutive dei har vore som ordførarar eller forvaltarar før dei kom til Løvebakken, jo verre kan skuffelsen over langtekkeligheta bli.

Noen få kjem ut av introduksjons- og sosialiseringsfasen som fullbårne parlamentarikarar med full medieaksess. Noen slit seg gjennom papirbunkene og vansmektar i fire år; om dei søker attval, er det fordi dei er blitt yrkesvalhemma. Dei fleste venner seg til å leva i dei anonymes rekker, pleier kontakten med valkretsen, skaffar seg ry som solid komitémedlem og bodbringar for lokale interesser, og dukkar kanskje fram ein og annan gong fordi dei tilfeldigvis er blitt saksordførarar for ei sak som hamnar i offentlighetens søkelys.

INIStatsrådar som kjem tilbake til Stortinget etter teneste i Kongens råd, har det heller ikkje lett. Dei har hatt eit heilt departement til rådvelde. Noen har klart å spela på det, mens andre har latt seg spela på. Uansett har dei vore synlige, vore med og sett dagsorden og hatt betydelig initiativmakt.

Tilbake på Stortinget blir dei gøymde bort på eit nytt saksfelt: Utanriksministeren blir sekretær i forsvarskomiteen, forsvarsministeren kjem i kontrollkomiteen, og så vidare. Derifrå kan dei håpa å koma att i regjering neste gong, men dei kan like gjerne gå til kvile i anonymitet og drøyma om eit anna liv utanfor eller etter Stortinget.

INIFor å forebygga parlamentarisk startdepresjon, blir det halde introduksjonskurs for nybegynnarar. Noen parti har også innført ei fadderordning der ein røynd representant skal hjelpa den nye inn i den parlamentariske kvardagens mysteriar.

Det finnest inga tilsvarande avlusingsordning for degraderte statsrådar, der dei kunne venna seg til si nye rolle og justera ambisjonsnivå og forventning om eigne muligheter. Kjell Opseth har klart og tydelig demonstrert behovet for eit slikt avstatsrådifiseringskurs.

Som statsråd hadde Kjell Opseth ry for å vera ein politisk effektiv råtass med stamina. Han sprengde seg vegtunnelar på Vestlandet, fekk lagt hovudflyplassen oppe ved Jessheim og fekk jaggu ein tunnel dit også.

Det må ha irritert han noe forferdelig at ein tilfeldig næringsminister blanda seg inn i etterbruken av Fornebu. I allianse med rasismeleflaren Hedstrøm la han opp eit løp for å setta Sponheim på plass og gje Fornebu til Fred Olsen og Gudmund Hernes. Når statsråden ikkje dansa etter hans pipe, ville Opseth overta statsrådens ansvar og gjera departementets jobb frå komitéromet i Stortinget. Derifrå driv han nå også forliksforhandlingar mellom Fred Olsen og Jens P. Heyerdahl.

INIDet er og blir ubegripelig at det er ei sosialdemokratisk oppgave å bruka statens pengar på å hjelpa landets fremste kapitalistar til å etablera seg med profitabel næringsverksemd så sentralt i landet som det er mulig å koma. Det er like ubegripelig som at Fremskrittspartiet vil bruka skattebetalarane sine pengar til å gjera staten delaktig.

Det kan godt vera at begge delar er fornuftig, men så langt er det kokkelimonken som har prega spelet. Statsråd Sponheim fortener respekt fordi han har sett regjeringas politiske liv på spel for å unngå ei krasjlanding på Fornebu med Opseth som flygeleiar, Fred Olsen som pilot og Gudmund Hernes som drosjepassasjer.

INIOpseths vettlause råkjør er Thorbjørn Jaglands ansvar. Då han ga frå seg regjeringsmakta etter sitt desimaldemokratiske 36,9, regrupperte han troppane på Stortinget og rusta opp fraksjonsleiarane til ein slags skuggestatsrådar. Opseth forsto åpenbart ikkje forskjellen på lys og skugge. Han ville gjera ein statsråds jobb med andre middel. Jagland fekk seg til å kalla det å slå ring om parlamentarismen.

Då Johan Sverdrup pressa fram parlamentarismen, var det for at regjeringa skulle måtta stå til rette for Stortinget - ikkje at Stortinget skulle gjera statsrådane sine jobbar. Om statsråden ikkje gjorde som Stortinget ville, skulle ikkje Stortinget gjera det for han, men avsetja han utan oppsettande virkning dersom han ikkje kraup til korset og beklaga seg.

Mindretalsparlamentarisme er ein vanskeleg øvelse. Den opsethske parlamentarismen er ein variant i pervertert form.