Balalaikapartiet

Fremskrittspartiet er ein kanal for stadig fleire levebrødspolitikarar. Dersom dei ekskluderte mistar retten til slikt velferdsgode, er det ei sak for retten.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Oslo namsrett skal avgjera kor Fremskrittspartiet ligg på ein skala frå A til Å, frå balalaika til båt. Dersom det liknar mest på eit balalaikaorkester, kan Carl I. Hagen og sentralstyret herpesera obsternasige medlemmer akkurat som han vil. Dersom partiet derimot har mest til felles med ei båtforening, har det offentlig interesse kordan leiinga driv sine utrenskingar.

Meir om denne juridiske nøtta seinare, for det er inni den Fanden har gøymt seg. Og det er faktisk ganske alvorlige saker, dette, for det har å gjera med kva politisk virksomhet er, og kva det ikkje er. Men først må vi på sirkus, for noe så vanvettig som dette har neppe vore framført på den norske, politiske arenaen før - som åpen forestilling.

Carl I. Hagen er ekstremt dyktig i forretningsordenformalisme. Det er ein merkelig, men nyttig idrett for spesielt interesserte. Utkropne forretningsordenformalistar klarer mest alltid å snu eit møte til sin fordel gjennom fleksibel og manipulativ bruk av vedtekter, dagsorden og møtereglar. Hagen lærte seg knepa då han var studentpolitikar i Newcastle i England for meir enn 30 år sidan - i kamp mot trotskistane, som var den lokale varianten av våre filibustre stalinistar. Nå beherskar han Stortingets forretningsorden som ingen andre.

Prosedyrereglar har vore den eine sida av Hagens kontroll med Fremskrittspartiet i alle ledd. Den andre sida er hans karismatikk. Grunnregelen i Fremskrittspartiet er ein orwells gjensidighet: Medlemmer og tillitsvalde skal ha full tillit til Carl I. Hagen, og Carl I. Hagen skal ha full frihet til å styra partiet og programmet som han vil. Din tale skal vera ja, ja; og alt som går ut over det, er av det vonde. Elles blir ein «partifiende», som det heiter i leninistisk terminologi. Dersom den som blir slått, slår tilbake, viser det at det var rettferdig og nødvendig å slå i første omgang - i sjølforsvar.

Hagens leiarstil er karismatikkens mekanikk forkledd i legalitetens retorikk. Derfor er det ikkje meir enn rimelig at han før eller seinare måtte få lov-og-rett-og-orden-pakken tilbake som rekyl.

Vi er mange som har vanskar med å skilja mellom formuleringane «ta til orientering», «ta til underretning», og «ta til etterretning». I møtereferat frå dei kompetentaste fora ser ein døme på at dei ikkje klarer å halda styr på desse begrepa. Men det er ikkje vanlig å bli utrenska for å ha tatt noe til orientering og ikkje til etterretning og oppfølging. Reint formelt var det der Hagens Oslo-prosess starta. Sidan har det balla noe aldeles voldsomt på seg med tull og fanteri og tvilsomme organisasjonsknep. Om dei held på lenger, kan det til og med henda at dei finn på politiske saker dei har vore uenige om.

Hagen fann torsdag ut at han ikkje ville møta i retten fordi han er mot mediesirkus - vel å merka Brødrene Danielsens mediesirkus. Hagen er for mediesirkus når han sjøl er sirkusdirektør, men rimeligvis ikkje når han står i fare for å hamna i klovnerollen.

For det er merkelig klovneri som blir avdekka i Oslo namsrett. Fremskrittspartiets bytullingar i Oslo overgår alt som har vore prestert av politiske bygdetullingar her i landet. Det er ei gjørme av intrigar, gunst, maktkampar, konspirasjonar, personlige vendettaer, kameraderi, brutte vennskap, julebordsamtaler, sladder, baksnakk - og ikkje så reint få gode bein for levebrødspolitikarar heller.

Og då er vi tilbake til balalaikaorkester og båtforening: Høgsterett har avgjort at å spela i eit balalaikaorkester, er å betrakta som hobbyaktivitet. Derfor var eksklusjon av ein kverulant ikkje noe for retten. Derimot sa Høgsterett at det å bli ekskludert frå ei båtforening, var ei sak for retten, for den ekskluderte mista retten til båtplass, som er eit betydelig velferdsgode.

Der står saka: Dag Danielsen og fleire av dei andre i suspensjonssuppa kan mista sine politiske bein. Fullverdig partimedlemskap er porten til politikk som levebrød. På den andre sida: Det er noe med Fremskrittspartiet som minner sterkt om balalaikamusikk.

Harald Heide-Steens russiske ubåtkaptein prøvde som Hagen å snakka seg bort frå åpenbare feilmanøvreringar. Han kunne jo ikkje se den grense onder vann. Når han fekk ubehagelige spørsmål, parerte han med sitt: «Spiller De balalaika?»

Så kjære Lars-Borge Andersen i Oslo namsrett: La oss få minst ein runde til, for dette er veldig gøy og stor galskap. Og ingen klarer å avkle Fremskrittspartiet som Fremskrittspartiet sjøl.