Boktrykkar Aslaksens by

I eit innlegg i Dagbladet torsdag 14. desember gjer Erling Lae seg tankar omkring boka «Osloprosessen» som eg gav ut på Gyldendal for nokre veker sidan.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er oppmuntrande at Oslo har fått ein byrådsledar som vil drøfta byutvikling på ein måte som gjer det fristande å delta i debatten. Det er også lett å vera enig med byrådsledar Lae i mange av dei gledelege utviklingstrekka som har prega bybildet dei siste tiåra, sjølv om Lae ser bort frå det viktigaste: Det at denne hovudstaden djupt i ein fjordbotn på Austlandet etter 1970 har blitt ein fleirkulturell by med mange ulike kulturar i ofte spenningsfylt og alltid spennande samliv.

Forståeleg

Som byrådsledar er det forståeleg at Lae først og fremst held seg til forholda innanfor bygrensa. For å forstå den norske hovudstaden i dag må ein likevel ta for seg byen i større samanheng. Lae set det forurensa og slitne Bislett-strøket på femtitalet opp mot dagens kunnskapsproduserande hovudstad. Denne tankegangen er eit godt uttrykk for dei ideologiske følgene av osloprosessen.

I vår avindustrialiserte hovudstad er det lett å tru at industriproduksjon er noko som høyrer gamle dagar til. Men det er berre i verselæra at industri rimar på nostalgi. «Osloprosessen» legg tvert om fram statistikk som viser at det aldri har vore fleire industriarbeidarar i verda enn i dag. Industrien er ikkje noko som ligg langt tilbake i ei fjern fortid, men langt unna i ein fjern utkant og eit fjernt utland. Og dette er ikkje min, men tallenes tale. Spørsmålet er: Kva slags himmelstrøk forureinar i dag den industrien som bygde og forureina Bislett, Sagene og Nydalen i går? I den tredje verda finst det tallause sweatshops byrådsledaren kan leggja neste delegasjonsreise til, om han vil studera underbetalte og underårige arbeidstakarar utan dei sosiale rettane som sagbruksarbeidarane, kvinnene i tekstilindustrien og jernarbeidarane i Oslo kjempa fram. Og den reisa kan Erling Lae gjera heilt utan tidsmaskin.

Erstatta

Det er med andre ord ikkje så vanskeleg å erstatta den forureinande og støyande industribyen med reklamekontor, høgskular, kontorbygg og sjukeheimar, slik byrådsleiaren skriv. «Osloprosessen» dokumenterer at i dag høyrer tett innpå halvparten av alle industrisysselsette i Oslo til i den kategorien som statistikken kallar «forlagsverksemd, grafisk produksjon». Halvparten av dei som arbeider i Oslo-industrien, driv med andre ord med ideologiproduksjon, dvs. med å framstilla tankar og meiningar. Med Henrik Ibsen kan vi seia at Oslo har blitt boktrykkar Aslaksens by, med dei forvrengingane som boktrykkar Aslaksens ideologi fører med seg.

Medan tungindustrien var og er internasjonal, eksportretta, konjunkturfølsom, er ideologiproduksjonen lokal og verna sysselsetting. Stål kan smeltast og brukast på Molukkene og i Mo i Rana. Aftenposten og Dagbladet kan berre komma ut i Oslo. Medan Oslo produserer ideologi for heimemarknaden, framstiller resten av landet varer for eksport. Produktivt sett er byen ei bakevje, eit stilleståande sentrum som den konkurranseutsette utkanten vernar mot dei krassaste utslaga av konjunktursvingingar og globalisering. På denne måten har Oslo dei siste tiåra blitt mindre internasjonal, mindre open og meir einsretta. (Eit godt eksempel er byrådets standhaftige kamp mot praktisk multikulturalisme, dvs. skriftleg sidemålsundervising i Oslo-skulen.) Byen har også blitt mindre urban. Det bur langt færre folk i indre by i år 2000 enn for hundre år sidan. Byutviklinga er prega av spreidd konsentrasjon, altså suburbanisering. Oslofolk i dag bur som kjent i drabantby i Groruddalen.

Erobret

«Vi har erobret byen tilbake igjen,» skriv byrådsledar Erling Lae frå Høgre, og det har han heilt rett i. Pengemakta tar grep om byen, og begrep om bylivet. Ingen utfordrar det politiske hegemoniet. Skyhøge tomteprisar og fabrikksnedleggingar sender arbeidarklassen til utkanten og til utlandet. Dermed blir klasseskilje til geografiske avstandar. Den «urbane» byen er ein einsidig konsumentstad utan arbeidarklasse. I dag er det ikkje kjønnslivet, men arbeidslivet som er obskønt, og må haldast skjult for ålmenta, seier Slavoj Zizek. Manuelt arbeid i motsetning til symbolsk verksemd. Som globaliseringas kulturelle logikk er urbanismen som symbolsk verksemd framhald av klassekampen, med andre medier.