Debatten om fattigdomen

Det er først og fremst politikarane som må ta stilling til kor humant fellesskapet skal behandle dei som ikkje oppfyller den generelle norma om å forsørgje seg sjølv. I morgon skal regjeringa drøfta desse sakene.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Grunnlaget for debatten om fattigdom sist haust var uklart. Var det at talet på fattige i Noreg hadde auka, eller var det indignasjon over mangelen på verdig behandling av dei fattige?

Debatten var prega av påstandar og «enkeltskjebner». Det er sjølvsagt viktig å lytte til både slumsøstrer og til folk som har det økonomisk vanskeleg. Men å gje noko eit «ansikt», gjev ikkje automatisk innsikt og svar på kva som bør gjerast. Meir systematiske data vart i liten grad lagt fram. Forskarane var nærast fråverande i fattigdomsdebatten. Kvifor? Var det fordi dei ikkje slapp til i debattprogram og avisspalter? Var det fordi dei ikkje hadde noko å melde? Eller, var det fordi det dei hadde å melde, kunne kome til å ta lufta ut av ein debatt dei normativt sett meinte var positiv?

I debatten har vi høyrt at fattigdomen rammar m.a. barn, trygdemottakarar og eineforsørgarar - og at desse i aukande grad må søkje sosialhjelp for å få endane til å møtast. Vi h ar vidare «møtt» menneske som er indignerte over behandlinga dei har fått ved sosialkontora. La oss først sjå på nokre enkle tal.

  • I løpet av 1990-tallet vart det færre barnefamiliar som mottok sosialhjelp. Det relative innslaget vart redusert fra 29 prosent til 25 prosent, og talet på barnefamilier med sosialhjelp vart redusert frå 45000 til 32600.
  • I løpet av 1990-talet vart det mindre vanleg å bruke sosialhjelp som supplement til trygd. Det vart knapt 20000 færre trygdemottakarar som supplerte med sosialhjelp - innslaget med sosialhjelpsmottakarar som hadde trygd som primær inntektskjelde, gjekk ned frå ca. 40 til 35 prosent. Dette trass i at det i samme periode vart fleire trygda i Noreg.
  • Frå 1998 fekk eineforsørgarar der yngste barn er over tre år, normalt ein reduksjon i trygdestønad på ca. 60000 per år. I fattigdomsdebatten har vi fått inntrykk av at denne gruppa i aukande grad har vorte avhengig av sosialhjelp. Statistikken fortel ikkje det same - talet på eineforsørgarar som har so sialhjelp som hovudinntektskjelde, er frå 1997 til 2000 redusert frå 5900 til 5600.

    Kunnskap


    Tala som er referert, motseier sjølvsagt ikkje ein påstand om at fleire barnefamiliar har fått det vanskelegare økonomisk - eller at fleire trygdemottakarar slit med å få endane til å møtast. Om det finst tal som viser det, er det viktig å få dei lagt fram. Tala over viser berre at desse gruppene ikkje i aukande grad får sosialhjelp. Forklaringa på det kan sjølvsagt vere at dei får avslag på sine søknader om sosialhjelp. Om så er tilfellet, finst det, så langt eg veit, ikkje systematisk kunnskap om. Det finst heller ikkje systematisk kunnskap om korleis dei som oppsøkjer sosialkontora, vert behandla - om dei t.d. i større eller mindre grad vert behandla med respekt. Det er lett å kritisere sosialarbeidarane og det vanskelege arbeidet dei er sett til å utføre. Det som trengst er systematisk kunnskap og refleksjon om den rolle sosialarbeidarane har og bør ha ved sosialkontora. Situasjonen er at vi manglar grunnleggjande kunnskap og debatt om det viktigaste offentlege tiltaket som er retta inn mot dei som ikkje klarer å forsørgje seg sjølv.

    Svar


    Vi treng utan tvil meir kunnskap - både om dei prosessar som bringer folk inn og ut av økonomisk vanskelege situasjonar og om ulike mål på fattigdom. Samstundes kan ikkje den empiriske sosialforskinga åleine gje svar på kva som er fattigdom eller korleis samfunnet skal behandle dei som ikkje klarer å forsørgje seg sjølv. Svar på dette finn vi ikkje gjennom å studere korleis samfunnet er, men gjennom å drøfte korleis det bør vere. Spørsmåla er i sin karakter normative, og handlar om kva samfunn vi vil ha. Det er først og fremst politikarane som må ta stilling til kor humant fellesskapet skal behandle dei som ikkje oppfyller den generelle norma om å forsørgje seg sjølv. Så står det igjen å sjå kva endringar som faktisk er sett i verk når debatten om fattigdom i gjen har stilna.