Det året Latvia skulle arrangera Melodi-Grandprix, sendte NRK eit kvasirussisk balalaika-show som pauseinnslag i den norske Grandprix-finalen. Dette skulle førebu nordmenn på at finalen var i Latvia. Til stor forarging i Latvi. Og til fordumming av norske sjåarar. For balalaika er liksom ikkje typisk latvisk kultur, sjølv om det bur innpå ein 1/3 russisktalande i landet. Etterpå måtte NRK beda om orsaking.
No har Magasinet på nett-journalist Mina Hauge Nærland prøvd litt av same oppskrifta. «Russisk hat-bevegelse vokser i USA», lyder artikkelen hennar om ei ny, karismatisk, kristen rørsla frå Latvia, ei postsovjetisk kyrkja, som ei tid hadde nære band til Livets Ord i Sverige, men som no har re-eksportert den glade, vestlege, bodskapen sin dit han høyrer heime - til USA. Serleg til byen Sacramento der Nærland fortel at nokon ungdomar som kan knytast til denne rørsla, skal ha mishandla ein dei meinte var homofil, slik at han døydde. Der, i Sacramento, får me vit at dei homofile hadde det fritt og godt, heilt til desse «slaviske» folka kom. Eg hadde så nær sagt, det var ikkje berre slaviske, dei var bokstavtru, ja, fundamentalistar.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger