Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Nyheter

Mer
Min side Logg ut

Dei kanoniske og gnostiske evangelia

Det er ikkje utan grunn at dei fleste bibelforskarar god for dei kanoniske evangelia.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I eit innlegg skriv Torleif Elgvin om at Einar Thomassen avviser Elgvin sine argument fordi han (Elgvin) er kristen. «Han hevder at jeg har religiøse (\'teologiske\') grunner til å mene at de kanoniske evangeliene sier mer om Jesus enn de gnostiske evangeliene,» skriv Elgvin, «og at jeg bare \'påstår\' at jeg bruker historisk-kritisk metode i denne saken. Det har Thomassen ikke rett i.»

Her må eg seie meg einig med Elgvin. Uansett kva predisposisjon ein møter dei kanoniske og dei gnostiske evangelia med - kristen, gnostisk, agnostisk, ateistisk, etc. - så er det intellektuelt uærleg å påstå at ein tekst frå seint i det andre hundreåret gjev eit like bra bilete av ein person frå det fyrst, som ein tekst skrive i det fyrste hundreåret.

Det er ikkje utan grunn at dei fleste bibelforskarar med respekt for seg sjølv går god for dei kanoniske evangelia, men ikkje for dei gnostiske.

Med at dei «går god for» meiner eg ikkje at dei godtek dei som sanne, men at dei godtak dei som dei beste kjeldene for personen Jesus, eller «den historiske Jesus» for å bruke klisjeen.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media