Demokrati over landegrensene?

Prisen for den økonomiske globaliseringa vert betalt av dei som aldri får plass ved bordet når overskota skal fordelast, ifølgje den tyske filosofen Jürgen Habermas.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

For å snu utviklinga meiner han at det er naudsynt med meir overnasjonalt demokrati. I boka «Den postnationella konstellationen» utdjupar han idear han tidlegare har presentert mellom anna i eit foredrag i Oslo for nokre år sidan.

I dagens Europa vert politikken tappa for visjonar fordi regjeringane viljelaust må tilpasse seg den internasjonale økonomien. Alle seriøse politiske parti må gruppere seg nære sentrum. Der må dei argumentere for at det er vårt parti som er best til å administrere rammevilkåra for økonomien. Situasjonen er vanvittig, ifølgje Habermas. På den eine sida opplever mange europeiske land auka produktivitet og økonomisk vekst, på den andre sida ser regjeringane seg tvungne til å kutte i velferdsordningane for nettopp dei som ikkje får del i goda veksten gir.

Spørsmålet er korleis politikken kan vinnast tilbake, korleis regjeringane kan ta igjen forspranget kapitalen har fått ved å heve seg over landegrensene. Svaret kan vere å finne bortanfor dei tradisjonelle nasjonalstatane.

Overnasjonalt

Eit overnasjonalt demokrati i Europa er ein nødvendig føresetnad for å kunne styre økonomien, og det kan vere den første etappen på vegen mot eit globalt velferdssamfunn. Men også i ein europeisk føderasjon må representantar for dei nasjonale regjeringane ha meir å seie enn dei direktevalde EU-parlamentarikarane, ifølgje Habermas. Han ser for seg at nasjonalstatanes suverenitet over sosialpolitikk, skatte- og finanspolitikk vert overført til unionen medan ansvarsområde som ikkje har potensielt negative sideeffektar for dei andre nasjonalstatane, blir verande hjå dei einskilde nasjonalstatane. Dermed kan nye sosiale rettar, som ei garantert minsteinntekt på eit anstendig nivå, innførast til alle borgarane i medlemslanda utan at ein risikerer at kapitalen flyttar ut til det nabolandet som har lågare skatt.

Står og fell

Ei meir overnasjonal organisering i EU står og fell med at det parallelt med ei tiltakande politisk meiningsutveksling på europeisk nivå skjer ei mentalitetsendring blant europearane: «Solidariteten mellom borgarane, som opp til no har vore avgrensa til nasjonalstatane, må bli utvida til alle borgarane i unionen, slik at til dømes svenskar og portugisarar er viljuge til å stille opp for kvarandre.»

Er ei slik mentalitetsendring realistisk i det heile? I boka viser Habermas til det som har skjedd i nasjonalstatane, der det etter kvart har vakse fram sterke fellesskapskjensler blant folk som ikkje kjenner kvarandre: «Om denne forma for kollektiv identitet er resultatet av eit svært viktig steg i retning av meir abstrakte identitetsformer, frå ei lokal og dynastisk orientering til ei nasjonal og demokratisk orientering - kvifor skulle ikkje då denne læreprosessen kunne gå vidare?»

Det er ikkje naturgitt at demokratiet må vere forankra i nasjonalstaten; folk har jo meir enn ei tilhøyrsle. Det springande punktet vil vere om europearen, på same måten som ein frå Texas eller Mississippi kjenner seg amerikansk, vil kjenne ei sterkare europeisk tilhøyrsle ved sidan av den nasjonale identiteten.

Global rettferd

Habermas ser ikkje for seg ei verdsregjering. Tanken er snarare å byggje vidare på felles fora for meiningsbrytning og viljesdanning i eit globalt sivilt samfunn som kan leggje grunnen for samordna handling blant større politiske aktørar. Ein europeisk føderasjon vil vere ein av dei globale aktørane som på sikt vil kunne vere med på å setje i verk ein «verdsomspennande innanrikspolitikk» i eit globalt velferdssamfunn.

Slik eg ser det, legg Habermas fram ein djerv visjon. Han er ei motvekt til alle dei som ser ut til å ha slutta å tru på dei moglegheitene som ligg i politisk styring. Når det gjeld Noreg, meiner Habermas at vi står i ei særstilling med større økonomisk og dermed politisk handlefridom enn dei fleste andre land. Ikkje desto mindre burde spørsmål om Europas framtid og global rettferd bli diskuterte her og. I staden for å avvise visjonen til Habermas som urealistisk eller sjå den som eit potensielt trugsmål mot annleislandet Noreg, så burde politisk interesserte i Noreg sjølve bidra i ein diskusjon om korleis visjonar om større global rettferd kan bli realiserte.