Den fyrste rock

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ein rockesongar frå Oslo som til dagleg er journalist i Telenor, ein spesialetterforskar i Økokrim og ein pianist frå Moss vil stå for eit høgst originalt Sivle-program på Aasen-tunet søndag. Rockesongaren er Jon Ruder . Han har skrive ny melodi til «Den fyrste song» og fleire andre av Sivle sine dikt som han vil urframføra med Terje Norum Bugge ved flygelet. Roar Waktskjold har til no vore meir kjend som politietterforskar enn som tolkar av Sivle sine Vossa-stubbar.