Det er ikkje den same krigen

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

KULTURKAMPEN blir ikkje innleia til hausten. Det kan bare synast slik fordi den høgnasa, urbane og militaristiske kosmopolitten Aslak Nore er ledig og har forhåndspåmeldt seg på til turneringa. Mens Jon Hustad alltid er budd til kamp mot forfallet, og Asle Toje har ytra seg med full pakke på alle frontar mot den kulturradikale multikulturalismen, rota til alt vond, som har rasert skulen, forsvaret og norske verdiar. Dei formuleringssterke og skrivekløande klagar over at dei ikkje slepp fram, men er på villspor. Det er eit sug i medie-offentligheta etter mot-stemmer. Finnest dei ikkje, så må dei finnast opp, eller finna opp seg sjøl.

Dei usynkroniserte tre musketerane er farlige fordi dei blir oppfatta som mytteristar mot sine eigne. Dei går til bakhaldsangrep. Dei er alvorlige trugsmål fordi dei er av same slag som dei som blir utfordra i tankekrigen: Tale- og skriveføre, intellektuelle akademikarar med sterke meiningar og betydelig avstand til folk flest. Dei framstår som svikarar. Dei er ikkje fremmendkulturelle og gode fiendar som Hallgrim Berg og Ulf Erik Knutsen.

KULTURKRIGEN er ikkje ny; den pågår heile tida, og i fleire stilartar. Den går ikkje mellom høgre og venstre, mellom radikalisme og konservatisme. Den går mellom oppe og nede, mellom innanfor og utanfor, mellom sentrum og periferi - både geografisk, sosialt og kulturelt. Mange held seg tause - også i lunsjpausen. Noen påkallar den tause majoritet og andre pyntar seg med det folkelige. Men den den tillyste kampen foregår ikkje i dei lågare divisjonane. Den står om hegemoni og definisjonsmakt i eliteserien.

Artikkelen fortsetter under annonsen

BILMEKANIKAREN Hans Erling var Magnus Marsdal sitt sanningsvitne i jakta på Frp-koden og venstresidas svik: «Jeg har fått nok av ovenfra-og-ned-holdninga.» Etter å ha vore på elgjakt med den arge arbeidskaren «Kjell Vidar» i ulveland dukka sosiologane Olve Krange og Ketil Skogen ned i kløfta mellom den folkelige fornufta og eksperteriet, mellom lokalt folkevett og sentral uforstand. Dei fann kulturell motstand mot den dominante og vanhellige alliansen av politikarar, Brussel, byråkratar, forskarar og naturvernarar og andre formyndarar som lagar vanskar for vanlige folk ved å pressa oppskrifter og forskrifter ned over hovudet på dei som veit best sjøl. Den snobbete middelklasse som står for skrivebordkunnskap mot erfaringskunnskap. For å forsvara sine eigne liv og vurderingar forakta Hans Erling og Kjell Vidar middelklassens livsformer og kulturelle preferansar: «Dei skal faen ta meg ikkje koma her og koma her!»

MISTRUA ER GJENSIDIG. Den kulturelle greina av middelklassen foraktar både dei konvensjonelt folkelige og dei kommersielle, mens folk flest vender sitt agg mot dei kulturelle og ikkje mot dei kommersielle. Det er i det landskapet Fremskrittspartiet vegeterer. Dei snakkar heller til folk flest om dei kjepphøge elitistane i kultur og akademia og byråkrati enn om skattelette og friare armslag for den økonomiske eliten. Det er heilt etter læreboka frå Bush og Fogh Rasmussen.

FRÅ FREMSKRITTSPARTIET sitt sommarstemne med grill og drill i Bø gjekk Siv Jensen laus på dei eksklusive sirklane der Trond Giske hentar sine kulturråd. Den nye leiaren, Bentein Baardsen, meinte ho måtte ha fått eit anfall av kugalskap. Motangrepa tok statsministerkandidaten som vanlig som bevis på at ho har rett: «Hver gang vi pirker borti de lukkede strukturene hvor det utøves kameraderi, blir det voldsomme reaksjoner. Da blir vi enda sikrere på at vi treffer en nerve. Så får de heller bli sure og slenge med leppa», sa den kjente leppeslengaren til Dagsavisen. Og ho la til at Fremskrittspartiet har mange venner i kulturlivet som trives best i skapet, «men det kommer til å bli dramatisk mange flere som våger å erklære sin støtte hvis vi vinner valget».

PER M. TANGERUD gøymer seg ikkje i skapet. Han driv oversetter- og korrekturfirmaet TransLogic. Han er ein ivrig og bloggaktig skribent i Aftenpostens debattspalter, men ikkje i øvste divisjon. Han klemmer til mot Bentein Baardsen i elfenbeinstårnet som trur han forvaltar den heile og fulle sanninga: «Der sitter nyadelen i et kulturråd som er finansiert av mennesker de forakter. Skal de tale til oss, så må de bruke babyspråk slik at vi kan forstå, vi infantile mennesker som ikke har forstand på hverken kunst eller kultur. Så stå på, Siv Jensen, fortsett å være det lille barnet som roper «Men keiseren har jo ingen klær på». Trekk disse kultursnobbene ned fra pidestallen hvor de lever et makelig liv på din og min bekostning, mens de harselerer over hvor barnslige og uvitende vi vanlige mennesker er.»

MEDLØPARAR vil det sikkert bli, for alle honningkrukker lokkar. Men det kan like gjerne gå motsett. Då Fremskrittspartiet sette inn Knut Haavik i Kulturrådet, var det eit dristig og spennande trekk. Dei hadde sett og høyrt han som folkets røyst. Han var ein ramp i rameplyset, redaktøren som laga blad for folk flest - også for dei ikkje-lesekyndige. Nå skulle han avsløra tøvet i supperådet, få slutt på sløsinga med skattebetalarane sine pengar og laga veg i vellinga.

Det gjekk heilt galt. Dei trudde dei visste kva dei hadde, men visste ikkje kva dei fekk. Haavik er ikkje ein mann som lar seg smigra og smiska eller har behov for å innynda seg, så han let seg neppe kooptera av besserwisserane. Han blei råka av røynd. Han viste seg å ha ei intellektuell åre, og han blei overraska og imponert over aktiviteten og kreativiteten der ute i Kulturrådets sitt nedslagsfelt. Derfor framsto han som ein overløpar og svikar.

ALF G. MØLL blei ordførar i Mandal etter å ha slite 20 år i bystyret for Fremskrittspartiet. Kultur var ikkje hans heimebane, for å seia det litt forsiktig: Kvar krone til kultur burde heller gå til vegar og til gamle og syge. Men noe skjedde då han som representativ ordførar måtte vera med og åpna arrangement av alle slag: «Til meir ein lærer om ting, jo meir interessert blir ein. Sånn er det med kultur også». Nå har kulturelt mangfald og eit stort og flott kulturhus blitt flaggsaker i den Frp-styrte kommunen.

Det kan bli fleire slike. Fremskrittspartiet er ikkje så innskrenka som dei liker å lata som. Det er stadig mange Frp-politikarar som kjem til å bli overraska over kva dei kan koma til å meina og gå inn for når dei hamnar i posisjonar. Fremskrittspartiet er eit folkelig og fleksibelt parti med betydelig evne til lokal pragmatikk.

I MOTSETNING til meir eller mindre frivillige nyttige idiotar. Enten dei som nyttar alle høve til vera så nedlatande at Fremskrittspartiet får ny ammunisjon mot kultureliten. Eller dei som trur dei har treft den same bølgen som folk flest, men som er like fjerne som sine motstandarar - bare med motsett forteikn. Der spelar nok Aslak Nore frå Skeid på bortebane.

Andreas Hompland

er sosiolog og spaltist

MARY MILLER (bildet) oppsummerer Stavanger som europeisk kulturhovedstad - i kortform ved Ingunn Økland i Aftenposten: Enkelte programposter var for radikale eller eksotiske for en region den den vanlige dietten var veletablert og hvor man forholdt seg relativt likegyldig overfor nye smaker. Folk flest syntes å være ganske sløve og uinteresserte i å åpne øyne og ører.