Det gode liv i distriktene

Om politikk er å skape framtid og utvikle det gode liv i eit samfunn, så er regionalt utviklingsarbeid det mest sentrale arbeidet som politikarar og politiske organ kan stelle med.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I stortingsmelding nr. 19: «Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå» gir regjeringa fylkeskommunane rolla som regional utviklingsaktør. Dette inneber at arbeidsmåtane skal skifte frå å vere myndigheitsutøvar til å verte ein samarbeidspartnar for alle gode krefter i og utanfor fylket. Men rolla som regional utviklingsaktør er ikkje noko ein kan vedta - ei slik rolle må skapast i aktivt samarbeid med andre aktørar som kvar for seg har makt over utviklinga i samfunnet.

Viktige trekk ved dynamiske og utviklingsretta regionar er ei aktiv kunnskapsutveksling og samarbeid mellom næringslivsaktørar, utdannings- og forskingssystem, offentlege aktørar og frivillige organisasjonar. Samfunna står generelt sett fram som opne andsynes innflyttarar og andre, dei politiske systema fungerer godt og er ofte heilt sentrale i samfunnsdebatten. Politikarar har høg status og tillit i samfunnet, noko som gir dei rom til å ta initiativ og handle ut frå fellesskapet sitt beste utan at dette vert trekt i tvil. Det er heller ikkje viktig kven som tek initiativ, men at «ting som det er semje om skjer». Slike forhold er avgjerande for at den «nye» fylkeskommunen skal verte ein utviklingsaktør.

Oppslutning

Om politikk er å skape framtid og utvikle det gode liv i eit samfunn, så er regionalt utviklingsarbeid det mest sentrale arbeidet som politikarar og politiske organ kan stelle med. Men ingen politiske organ har «all makt» og spesielt ikkje på lokalt og regionalt nivå. Om sterke aktørar i næringslivet, i statleg byråkrati m.m. ser på fylkeskommunen som «uinteressant», «ei leikegrind» m.m. vil den neppe fungere som utviklingsaktør. Fylkeskommunen må skifte ham frå ei «vedtaksrolle» til ei aktiv og engasjerande rolle.

Utviklingsrolla vil krevje at fylkeskommunane er sentrale i dei kunnskapsutviklande prosessane i samfunnet. Ikkje slik at dei sjølv skal ha «all kunnskap», men ved å setje andre aktørar best mogleg i stand til å «nå rett kunnskap». Det at fylkeskommunane fortsatt har ansvar for dei vidaregåande skulane gir her mange moglegheiter til å utvikle desse til senter i dei regionale kunnskapssystema. Dette vil krevje at dei vert aktive delar av samfunnslivet i staden for «produksjonseiningar for normerte utdanningar».

Kapasitet

Eit viktig krav til ein utviklingsaktør er at denne har kapasitet til å delta i både langsiktig og kortsiktig tiltaksarbeid. Dels gjeld dette politisk kapasitet - at politikarar er til stades på alle viktige arenaer og prosessar som er med på å utvikle haldningar og handlingar - men også administrativ kapasitet. Ein utviklingsaktør må ha evne til å fange opp sentrale utfordringar og tiltak, kunne gjere nødvendige utgreiingar, finne finansiering m.m. - dvs. alt det praktiske arbeidet som skal til i det moderne samfunnet for at «ting skal skje». Dette vil krevje nye måtar å organisere arbeidet på - langt meir prosjektorganisering, samarbeid med kommunar i regionråd, deltaking i ulike former for utviklingsselskap m.m. - og midlar til dette.

Sentralt i partnarskap er at alle har noko å bidra med til fellesskapet. Fylkeskommunane kan vere interessante om dei har viktig og nødvendig kunnskap og kompetanse, men ein kjem ikkje utanom at det også trengs økonomiske ressursar.

Tillit

Ein aktør som «føler seg utafor» har normalt liten sjølvtillit og dermed også dårleg grunnlag for å få tillit frå andre. Fylkeskommunane har i høg grad vore eit slikt «stebarn» dei siste åra - trua av nedlegging, å misse funksjonar m.m. Skal fylkeskommunane skape seg ei regional utviklingsrolle, må dei ha politisk mot til å «tale staten midt imot» om dette er nødvendig og på vegne av dei sams interessene i sitt eige område.

Den avgjerande prøva vil likevel vere om fylkeskommunane greier å utvikle tilstrekkeleg samarbeid og allianse med kommunane. Her er dei regionale tilhøva svært ulike i delar av landet. Fylkeskommunane må samarbeide tett med kommunane og fungere som serviceorgan for desse, med næringslivet, med frivillige organisasjonar m.m. Dette krev at fylkeskommunane som politiske organ er svært aktive i den sams visjons- og viljesdannande prosessen i sitt eige område. Samstundes må dei også fungere som aktive «utanrikspolitiske» organ som fremmar regionen sine interesser i samarbeid med andre regionar, med statsnivået og også internasjonalt.