Det ønskelig e er ikkje sannsynlig

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

EG ER IKKJE MISJONÆR og ikkje politikar med ein klar bodskap. Derfor kan eg ta meg den frihet å vera tvisynt og pessimistisk. Eg kan ha mine ønske for framtida, men eg treng ikkje forveksla håp og tru og program med det sannsynlige. Det er ikkje dumt å ta høgde for det ein ikkje ønsker; snarare tvert imot. Fanden på veggen er ingen dum figur å kjenna att når ein ser snurten eller halen av han. For eksempel for Norge i 2030 – tusen år etter slaget på Stiklestad der korsmannen og hærmannen Olav Digre med svenske og russiske leigesoldatar vann over dei norske bøndene og tvangskristna dei.

TRE TUNGE TRENDAR i vår tid er globalisering, individualisering og diversifisering. Der er både ytre føringar og indre drivkrefter. Økonomi, medier og mobilitet blir stadig meir global. Forbruksmønster, verdiar og livsformer blir meir individualiserte. Diversifiseringa gir seg til kjenne som sterke og avgrensa subkulturar etter interesser, livsstil og etnisitet, og det blir tydeligare med religionanes gjenkomst.

Ingen trendar er ubrytelige. Der det er krefter, er det motkrefter. Der det er standpunkt, er det motstand. Det blir spenningar av slikt. Kampen om hegemoniet kan føra oss inn på ulike spor som leiar dette landet i ulike retningar. La oss kalla det scenariar eller alternative framtidsbilde – også negative.

MED EIT LÅN frå Hans Magnus Enzensbergers norske utakt setter Nina Witoszek merkelappane folkemuseum og framtidslaboratorium på to av sine framtidsbilde for verdens beste land. Folkemuseet stenger seg inne og dyrkar seg sjøl og det som har vore. Framtidslaboratoriet opnar The Norwegian Mind og er både tolerant, mangfaldig og altruistisk. Det tredje scenariet hennar er det dekadente forfallet. Det kan ho ha lånt frå den tredje i Norge ved tre av dem: Carsten Jensen. Han har skildra striden om den norske folkesjela etter oljerikdommen som forholdet mellom Klatremus og Morten Skogmus i Thorbjørn Egners nasjonalepos frå Hakkebakkeskogen: Den forsiktige og ansvarlige, arbeidssame og sparsame Skogmus mot den nytande og hedonistiske, late og heldige Klatremus. I det dekadente scenariet er Klatremus vinnaren.

ANDRE MERKELAPPAR på mye av den same mulighetsrommet kunne vera omsorg, fornyelse og forvitring. Det er velbrukte scenarienamn, men dei har vist seg ganske slitesterke. Dei fangar opp ei vifte av håp og bekymring for kordan det kan gå med Norge, det norske og nordmenn av alle fargar og valørar. Kordan vi kan koma til å ha det med kvarandre tusen år etter Stiklestad.

OMSORG kan høyrast snilt og hyggelig ut, men det kan også vera det motsette. Det kan vera omsluttande og innesluttande; det kjem an på kven som er folk flest og kva det blir vist omsorg for. Frykt og usikkerhet kan føra til at det blir hegna om det tradisjonelle og folkemuseale. Det gjeld å dyrka røter, passa på «det norske», ta vare på og forsvara kjerneverdiar med kanonar og kanon på felt etter felt. Nasjonen og det nasjonale står sentralt. Den som ikkje vil assimilerast, skal ekskluderast. Det er ei slags vidareføring av Fogh Rasmussen med Det Norske Folkepartiet i førarsetet.

FORVITRING er eit framtidsbilde der felles referansepunkt og fellesdefinisjonar bryt saman. Inga gruppe har hegemoniet, og dei anerkjenner ikkje kvarandre som legitime og likeverdige. Det utviklar seg parallellsamfunn med stor avstand og lite kontakt, og med hardare og sterkare konfliktar – både økonomisk, sosialt og kulturelt. Det er lite ryggstøtte å henta i nasjonalt og historisk fellesskap. Utsikten til trygghet for den som ikkje klarer seg på eiga hand, ligg i å høyra til ei avgrensa gruppe med samhald innad og avgrensing utad. Fragmentering og segregering er beskrivande stikkord, og politisk kaos er normaltilstanden.

I FORNYELSEN er det ikkje ein, men mange måtar å vera norsk på. Likhet blir transformert til likeverd og mangfald.

Tvangsforestillinga om det homogene Norge som det gode Norge går i oppløysing og lever bare vidare i små, sure og harmlause utgrupper. Det er frie individ med føter og individuelle rettar som er tidas heltar og menigmenn. Integrering og inkludering står høgt i kurs – både som ideal og realitet. Det er eit liberalt og mangfaldig samfunn. Med eit witoszekiansk begrep er det prega av binær eksistensialisme.

STATSMINISTER i Omsorg er rimeligvis Siv Jensen eller Sylvi Listhaug om Fremskrittspartiet får tak i kvinnene. Aslak Nore er runner up – dersom han blir meir etatistisk. For det må leggast til ein fotnote her: Fremskrittspartiet forkler seg og blir gjerne forstått som eit liberalistisk og liberalt parti. Det er det ikkje: Når det kjem til stykket, er det eit autoritært parti med stor tru på statlig styring og sterk vilje til kontroll - særlig av dei uverdige.

Dersom dei ikkje går seg bort undervegs, er Abid Raja og Hadia Tajik statsministerkandidatar i Fornyelsen. Dei ville vera som eit smykke på det fornya og multikulturelle Norge – ein frå Bjølsen og ei frå Bjørheimsbygd.

Det kunne falla lett å plassera Jonas Gahr Støre som fornyelsens ikon. Arbeiderpartiets fjerdekandidat i Oslo har rett nok lagt inn protest mot Dagsavisens oppslag der han blei framstilt som frelsaren som veit kva som er Norges største problem, men som også veit kva som er løysinga. Fullt så mye Obamas tran har han ikkje drukke, men han trur på dialog, på å skapa fellesskap på tvers av religion og kultur gjennom ei djup tankeendring og andre måtar å løysa problem på.

Men Støre må nøya seg med å vera statsministerkandidat i Forvitring. Der blir han kalla heim frå FN som dialogisk redningsmann i spissen for ei samlingsregjering som bygger på cordon sanitaire. Kanskje etter at det er for seint.

SOM SAGT: Poenget her er ikkje kva for ei av desse framtidsskissene som er mest ønskelig - for meg, for deg, for det institusjonelle Norge. Spørsmålet er om dei er mulige, og om kva som er sannsynlig. Det er grunn til å frykta at det minst ønskelige kan vera det mest sannsynlige. Utopiar er vel og bra å ha, men det er minst like viktig å tankeprøva ut det dystopiske. Det kan bli mye faenskap. Og om vi ikkje passar oss og bruker klokskap, kan vi hamna der. Ein må øva seg og rusta seg mot det ein vil unngå. For som det heiter i Skriften (Rom 7,19): Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.