Det snakkande mennesket

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Vignett: språk Samtalar mennesket på dørstokken til ei ny tid meir og meir, alt medan det forstår og opplever mindre og mindre? Det er det sentrale spørsmålet i denne kronikken. Sylfest Lomheim er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskolen i Agder. Når tusenårsgnyet har stilna og me er godt og vel inne i det tjueførste hundreåret, bør me tillata oss eit høgdesyn. Eit høgdesyn på den tida det har funnest menneske. (Og i jordas historie er den tida så kort at den berre i beste fall er å rekna som eit pust i sivet...) Mennesket vil eg definere slik: mennesket blei til i det tidsrommet då det utvikla språket, samtalen, som reiskap. Ut frå den språklege definisjonen av mennesket _ og mange meiner det bør vera den einaste måten å definere mennesket på _ har mennesket eksistert alt frå 500|000 år til 100|000 år. Med andre ord: me veit at mennesket utvikla samtalen, men me veit ikkje når denne største av alle oppfinningar blei til. Derimot er me rimeleg sikre på at oppfinninga skjedde i Afrika, sør for Sahara. Og me er rimeleg sikre på at oppfinninga skjedde hos ei gruppe menneske, ikkje hos fleire menneskeartar uavhengig av kvarandre. Frå sentrale strok av Afrika har så desse samtalande menneska spreidd seg utover jorda i vifteform og lagt ho under seg _ som det står i Skrifta. Sist kom mennesket til Australia og Amerika (over Beringsstredet). I dei hundretusen(ar) år som mennesket har vore til på denne planeten, har det snakka _ ropa, koseprata, samtala. Rekkjevidda til menneskets stemme var i titusener av år berre familien og landsbyen, så langt røysta bar. Men plutseleg, så å seia i vår tid (= berre fem tusen år sidan, i det området som i dag blir styrt av Saddam Hussein), gjorde utviklinga eit sprang: mennesket fann ut at det kunne halda fast røysta visuelt, som teikn og teikningar. Skrifta blei oppfunnen. Mennesket hadde starta ein kommunikativ revolusjon. Ein noko mindre kommunikativ revolusjon skjedde for fem hundre år sidan ved at Johann Gutenberg fann fram til korleis han kunne trykkja bøker i store opplag. Med eitt kunne alle menneske reint teknisk få tilgjenge til same tanke og same fortelling, som bok eller avis. Men først etter omsetjing til ulike språk _ altså ikkje tilgjengeleg for alle til same tid! Den samtidige kommunikasjonen over store avstander starta ikkje før på 1800-talet med telegrafen. Heldt så fram med telefonen. Deretter radioen på 1900-talet. Så fjernskriveren, og fjernsynet _ etter 1950. I det mennesket steig over dørstokken til totusentalet, vandra det virtuelt rundt på verdsveven, på internettet. Akkurat no er den hundreogfemtiårige globaliseringsprosessen eigentleg fullført, teknologisk og prinsipielt. Framover er det ein ting som kan skje: den globale samtalen vil auka i omfang, teknologien blir meir og meir utvikla, den globale kommunikasjonen kjem til å integrera fleire og fleire. Men uansett har mennesket kome til elt slags sluttpunkt på ei lang utviklingslinje _ alle er med, eller kan vera med, i dei globale samtalane. Ringen er slutta. Mennesket ved år 2000 har vendt tilbake til urtilstanden _ frå den opphavlege tilstanden i Afrika der alle i stammen hadde kontakt med kvarandre, har me no igjen kome til det punktet i vår utvikling at alle som vil det _ og har hjelpemidla _ kan snakka saman i den globale landsbyen. Frå urtilstanden der mennesket (truleg) hadde eitt språk, har mennesket i løpet av hundretusen(ar) år gått gjennom ei språkleg differensiering som (truleg) var på det høgaste for om lag 12|000 år sidan. Då var det (truleg) om lag 12|000 språk på jorda. Seinare har språk etter språk døytt, slik at me i dag har berre om lag 6000 igjen. (Og dei ti største språka har om lag 90% av menneska på jorda!). Me går altså med raske steg mot ein situasjon med relativt få språk, og der det i alle fall er eitt språk _ engelsk _ som er gangbart i heile den globale landsbyen. («Den globale landsby» har, rett nok, blitt ein klisjé, med du verda kor dekkj ande uttrykket er.) Me blir til som menneske ved å snakka med andre menneske. Det seier professor emeritus ved Universitetet i Oslo, Ragnar Rommetveit. Og sterkare: me blir til ved å snylta på andre menneske. Då kan det ikkje vera likegyldig korleis me snakkar. Kvaliteten på samtalene våre avgjer kvaliteteten på snyltinga. Samtalane våre er alvorlege saker, på meir enn eitt vis! Og _ viss det er slik at den gode, spontane, urgamle menneskesamtalen får trongare og trongare kår i vår globale samtaleteknologi, blir det ikkje så opplagt at den utviklinga me er midt inne i no, er til gagn for mennesket. Like før me tok til å skriva 2000, i desember 1999, køyrde Ericsson ein heilsides kampanje i avisene _ «Med Ericsson inn i fremtiden. Det handler om kommunikasjon mellom mennesker.» Tenkte me det ikkje; Ericsson meiner at kommunikasjon er det same som at menneske har kontakt med kvarandre. Berre kontakten er der, kan han gjerne vera teknisk. Fordelen med teknologien er den uendelege fridommen. «Nettnomadens kroppsløse frihet» _ stod det i Dagbladet. For det skumle er jo dette: mennesket er i all hovedsak det same i dag som for femti tusen år sidan. Ikkje kulturelt, men biologisk og genetisk. Me blir til som menneske på same måte _ ved å snakka med andre. Slik har det vore i tusenar av år. Ragnar Rommetveit seier det slik. «Dei fleste menneske er avhengig av å snakka med kvarandre, om ikkje anna så for å utvikla sin originalitet». Dette samtalespråket eig ingen; det er alles eige. Me har kvar og ein av oss berre minoritetsaksjar der. Men det er på språkbørsen me blir menneske. På forretningsbørsen og kjærleiksbørsen agerer me meir som dei dyr me (framleis) er. «Eg snakkar, altså er eg!» seier Ragnar Rommetveit. På internettet, i mobiltelefonen, i fakse-brevet, på e-posten opptrer ingen heile personar. Men du verda; me møter uendeleg med personer og har uendeleg med mulegheiter. Difor er det fullt mogeleg for eit menneske i det tjueførste hundreåret å kommunisere med ei rad menneske _ dag ut og dag inn _ utan eigentleg å sjå eit anna menneske i augo, utan å kjenna sveittelukt eller sjå smilerynker. Dagens individ kan temmeleg konsekvent velja avstanden, massen, teknologien, virtualiteten og hypertekstens nettverk i staden for nærleiken, kroppen, røyndommen, verkelegheita og talens linearitet. Kva blir følgjene av dette? Kor identitetsskapande er e-posten og nettvandringa? Kontakten mellom generasjonene skal eg ikkje snakka om. No er heller spørsmålet kva slags kontakt det er i det heile mellom foreldre og ungar, mellom venner, mellom kollegaer. Jau då, massevis av kontakt. Men snyltar me skikkeleg på kvarandre? For det er heva over all forskingstvil at det næraste eit menneske kjem forståing og oppleving av eit anna menneske er i den fysiske kontakten og i den urgamle samtalen. Difor blir det store spørsmålet: Samtalar mennesket på dørstokken til ei ny tid meir og meir, alt medan det forstår og opplever mindre og mindre? Viss det er slik at mennesket er inne i ein akselerande samtalerevolusjon, og viss det er slik at mennesket etter kvart nøyer seg med halvgod praksis av det som er artens viktigaste reiskap, er det då ikkje ein fare for at me i det lange løp vil endra oss som menneske? Har mennesket, som skryter av at det styrer sin lagnad, viljen til å oppretthalda kvaliteten? Er me i ferd med å gjera oss om til kommunikasjonsslavar? Moroar me kvarandre til døde, som Postman hevda? Og trusselen er slett ikkje berre åndeleg. Mennesket sit i dag framfor sine flimrende skjermer og små underhaldningsmaskiner, samansunkne og med samanpressa innvollar. Me er rett og slett ikkje laga for slikt; dette er farleg. Av natur er eg ingen pessimist, men eg trivst ikkje med tanken på at me _ kanskje _ er i ferd med å endra oss. Karl Marx hevda slikt var uråd. «Alle revolusjoner har prova ein ting; mykje let seg endra, berre ikkje mennesket.» Med ein støyande global landsby framfor oss er eg ikkje så sikker på at Marx har rett. Men eg trur Rommetveit har rett: me blir til ved kvalitetssnylting på andre.