«Du er ikke viktig»

- Når nettdebattene blir åpne for alle, blir de mindre verdt. Det mener i alle fall mange politikere, som skyr debattene på nett.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er stor skilnad på offentleg diskurs på nett og i papiraviser. Nettet er anonymt, direkte og brutalt, ofte kunnskapslaust og fordomsfullt, men gir også røyst til deltakarar som elles ikkje hadde ytra seg.

Det anonyme og kunnskapslause gjer at nettet er marginalisert som effektiv deltakingskanal - politikarane er skeptiske - men vidtfemnande som ytringskanal.

Terskelen for ytringar på nettet er låg, men effekten er liten. Mange skriv, men få les innlegg (Skogerbø og Winsvold 2008).

Paradokset er at demokratisering av tilgang til det offentlege rommet blir oppfatta som devaluering av det same rommet. Minnar ikkje denne type haldningar om dei som kom til uttrykk i motstand mot kvinneleg stemmerett? Eller skepsis til å lære slavane å lese?

Og er det så farleg om forma er upolert dersom det er så få som les innlegg på nettet likevel? Den danske IKT- og demokratiforskaren Lars Torpe minnar oss på at politikk er mål-, problem- og interessedriven åtferd som medfører konflikt og samanstøytar, vinnarar og taparar, sinne og forbanning.

I demokratiet er ikkje politikk ein søndagsskule. Kvifor skulle det vere annleis på nettet?

Demokrati på nett

I forskninga ser vi på kva slag demokrati som blir forsterka av nettet: Konkurranse-, deltakar-, diskusjons- eller forbrukardemokratiet? (se faktaboks)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forventningane til internett var nok svært overdrivne då det kom. Det generelle samfunnsengasjementet blant dei breie massane ser ikkje ut til å ha blitt større. Men vi ser mellom anna at det er blitt enklare å vere politisk aktivist.

Vi har undersøkt politikarar og kommunane sine heimesider og sett at det som skal til for å lykkast med å skape eit ordentleg debattdemokrati på nettet, er at både kommunane og politikarane må vere aktive. Kortversjonen av konklusjonane våre på dette feltet er at redaktørfunksjonen er svært viktig. Det blir ikkje noko engasjement utan ein aktiv redaktørfunksjon.

Det er elles ikkje berre kommunane som har drege i gang debattsider: Også dei fleste nettavisene med respekt for seg sjølv har etablert slike tilbod, med varierande resultat. Den store utfordringa er å unngå kverulantane, som har ein tendens til å drepe eller dominere debattane på nettet. Dette er ei av årsakene til at redaktørfunksjonen er svært viktig.

Konkurransedemokrati

Samtidig virkar koplinga mellom Internett og dei andre kanalane skjerpande på den politiske konkurransen mellom dei eksisterande partia. Den stadige oppdatering som denne koplinga fører med seg, intensiverer omløpet i det offentlege ordskiftet. Kanskje kan det og seiast at det representative demokratiet blir meir representativt gjennom den nye teknologien.

Dersom det var opna for internettavrøystingar ved offentlege val, ville det også ha vore poeng til konkurransedemokratiet.

Diskusjonsdemokrati

I den grad diskusjonsdemokratiet blir støtta av teknologien, finst den i rommet for offentleg debatt i nettavisene, ikkje i engasjement på offentlege nettsider, som kommunanes heimesider, som er det vi har undersøkt.

Direkte deltakelse

Deltakardemokrati i digitalt format finst det berre få og sporadiske innslag av. Kommunane har utvikla visse pseudo-kanalar for direkte deltaking, men dei blir følgt heller halvhjarta opp. Det er eksempel på aktivistgrupper (Bergen, Nesodden) som har kunna slå knock-out på det representative demokratiet via godt koordinerte elektroniske aksjonar. Men slike grupper manglar som regel stayer-evne nok til å bli varige medaktørar i politikken. Det er så og seie mot deira ad hoc-natur. Men blir det fleire av dei, kan dei bli eit nytt, interessant systemtrekk i det digital-demokratiske landskapet.

Den aller tydelegast effekten av at eit heilt folk er på nett, er ei forsterking av konkurransedemokratiet i form av meir borgarmakt på grunn av øyka konkurranse mellom politiske parti, eit friare marked og ein mindre stat. Vi sjår og ei mindre forsterking av forbrukardemokratiet, kor brukarane har meir makt ovenfor tenesteutande institusjonar. Til slutt ser ein visse innslag av diskusjons- og deltakardemokrati.

Konkurransedemokratiet er ingen dårleg variant. Kunne dei digitale kanalane medverke til å skjerpe den politiske konkurransen, så kunne ein god del meir borgarmakt leggast ut på nettet og ei alen lagt til demokratiet.