Du gjer alt verre for Aisha

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

INTEGRERING: Det står ikkje til truande når Hege Storhaug i Dagbladet 18.04. hevdar det er Aisha ho kjempar for, like mykje som for Kari. Det Storhaug gjer med dei grove generaliseringane sine er å krenka Aisha på det grovaste. Det å vera muslim er ein viktig del av identiteten til folk, likeins som det å vera kristen utgjer ein sentral del av sjølvbildet til dei fleste etniske nordmenn. Slik er det, sjølv om graden av religiøsitet varierer mykje frå person til person i begge gruppene. Å ha eit nokonlunde avklart sjølvbilde er viktig for alle, og ikkje minst for folk som har komi til eit nytt land, eller som høyrer til ei minoritetsgruppe.

Når Aisha frå leiaren for Human Rights Service får beskjed om at religionen hennes i realiteten er ein livsfarleg ideologi, er ikkje det akkurat ei hjelp til å kunna fungera godt i landet vårt.

Argumentet om at islam er så farleg fordi religionsstiftaren Muhammed var så mykje meir krigersk enn pasifisten Jesus, er for tøvete til å bli teki seriøst. Blodspora i historia etter kristne krigarar talar for seg. Det er ekstremismen som er farleg, og vi har sett at både islam og kristendom kan rekruttera ekstremistar. Slik HRS-leiaren agerer gjennom innlegget sitt, er det dessverre fare for at det blir fleire av dei. Innhaldet i det Hege Storhaug skriv er ei grov krenking av enkeltmenneske. For sjølvsagt handlar dette om enkeltmenneske, sjølv om Storhaug skyt seg inn under Steinar Lem si utsegn om at det han skreiv ikkje gjaldt den enkelte muslim, men handla om religionen islam. Hets mot det folk set høgt går ut over enkeltpersonar, same kva Lem og Storhaug seier, og det er svært mange lovlydige og skikkelege menneske som bli ramma.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer