Du har rett, Hagen

Politikarar er hårsåre sutrekoppar.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

KVA ER DET som har gått så gale i andedammen? Kor er den tjukke huda politikarar skal vera etla av - den som gjer vedkommande oppreist sjølv om han manglar ryggrad, som Finn Gustavsen så elegant formulerte det. Har du tatt den med deg no, Gustavsen? Du tok deg saktens både ein kamp og to på politisk grunnlag, gjorde du ikkje? Sjå kva du har etterlete deg. Ein gjeng hårsåre, vonbrotne, mobba og ille handsama politikarar som leikar stolleik.Ta Kjell Magne Bondevik. I mai skulda han Gerd-Liv Valla for personangrep fordi ho hadde mint han på at regjeringa hans hadde tatt 20 000 kroner i året frå langtidsledige. «Det hjelper ikke å snakke om å bekjempe fattig-Norge når du i handling svikter totalt,» sa ho til ljomande applaus i LO-kongressen. Ein skulle tru Bondevik hadde nytta høvet til å snakka om dei 20 000 kronene. Nei då, i staden svarte han at ho hadde «falt ned på det same nivået som andre i Ap\'s ledelse».

SAKA HADDE IKKJE før roa seg, før det gjekk det hardt innpå han at Carl I. Hagen ikkje ville heie på han lenger, og det trass i at Bondevik aldri har heia på Hagen. Personangrep, forkynte Bondevik, før Torbjørn Jagland skreiv i Aftenposten at ingen enno hadde kommentert det verste: Statsministeren var nemleg på viktig besøk i utlandet og pleia Noregs langsiktige interesser då Hagen kom med åtaket. Kunne han ikkje i det minste ha venta til Bondevik kom heim? Slik har det gått i valkampen: Karita Bekkemellem Orheim hevda at det er Valgerd som er sjølve meisteren i personangrep. Gry Larsen var rasande på Ingjerd Schou, som hadde sagt at Stoltenberg hadde draget på unge jenter. Ingjerd Schou gjekk laus på Jens Stoltenberg for å vere stygg med Per-Kristian Foss. «Det må da være legitimt å si at landets statsminister ikke lenger har en visjon for hva han vil med Norge!» sa Hagen førre veka. Du har rett, Hagen. Men nei - slikt kan du ikkje kome med utan vidare. Å utsetje ein politikar for ei skulding om å vere visjonslaus er langt under beltestaden i eit land der lett berøring gjerne blir omtalt som hersketeknikk.

UNDER EIN LUNSJ tidlegare denne veka spurte ein ung spansk tilreisande EU-ekspert om det ikkje var noko rart i dette landet: «Heime er det slik at om eg ikkje likar eit menneske, så slenger eg det i han, utan at han tar det personleg,» sa han. Han gjorde eit nikk med hovudet og signaliserte skalling. «Her er de så få at det verkar som om de må gå rundt og vere greie og koselege heile tida sjølv med folk de ikkje kan fordra.»Politisk mobbing fører til politikarforrakt, skreiv Sigve Soldal Bjorstad frå Geelmuyden.Kiese i Dagbladet laurdag. Eg trur han har heilt feil. Eg trur det fører til politikarforakt at vi har politikarar som snakkar einannan etter munnen utan eigentleg å meine særs.Då eg gjekk heim frå lunsjen med spanjolen nynna eg på Andungen Kvakk Kvakk.