PÅMINNELSE: Maleriet «Nakken til ei lita jente» av Helene Schjerfbeck.
PÅMINNELSE: Maleriet «Nakken til ei lita jente» av Helene Schjerfbeck.Vis mer

- Eg hadde lyst til, sjølv om eg burde sitje på hendene mine, sidan eg er mann, å la det maleriet gå som ei lita påminning

Til Hilde Østbye og Heidi Dybwik-Rafto.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Nakken til ei lita jente» av Helene Schjerfbeck.

Eg hadde lyst
til, sjølv om eg burde sitje på hendene mine, sidan eg er mann, å la det maleriet gå som ei lita påminning til innlegget til Heidi Dybwik-Rafto om den utrøystelege småbarnsforeldreperioden. Eg hadde lyst å seie noko til Hilde Østby om at det finst mange opplevingsrom og ulike inngangsportar til denne perioden. Stritt er det, men for ei fantastisk tid med den nærleiken til desse livsbejaande kroppane og augene og tilliten til deg og verda og morgonen og energien og sårbarheten og ikkje minst den fantastiske tingen at det faktisk er mogleg å trøysta eit barn.

Først seinare innser me alle at det finst inga trøyst. Når ein ser attende på den tida ein hadde småbarn, er det som om ein fekk lov til å leva med i ei betre verd ei stund, fekk påfyll av ein annan type kunnskap der vesentlege ting som nærleik, å halde ei hand, å gje ein klem, å lage ei underleg historie, ein forunderleg song, og det å halde om kvarandre, hadde ein verdi og ein plass som stod i forhold til den verdien dei heilt verkeleg har, slike ting.