Ein gammaldags pardans

Kanskje må vi sjå nærare på det tankegodset Odd Aukrust og flokken hans la etter seg, skriv Andreas Skartveit.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Renta stig. Som visaren på eit gammalt urverk hakkar ho seg fram, bit for bit, oppover talrekkja. Bustadmarknaden stagnerer, eigedomsmeklarar stengjer, og låntakarar blir alvorlege i ansiktet. Sentralbanksjefar og finansministrar sit i møte og tenkjer djupe tankar. Og renta stig.

Odd Aukrust er død. Han var ein statistikar og reknemeister. Men først og fremst var han av dei fremste representantane for ein økonomgenerasjon som meinte at økonomien kunne styrast. Dei utvikla nasjonalbudsjettet som eit totaloversyn over norsk økonomi. Og dei utvikla modellar for konjunkturstyring og ansvarlege lønnsoppgjer. Mennesketanken kunne gripe økonomien og halde han fast og leie han på trygge vegar. Den tida var over då økonomiske kriser kom som brølande hauststormar og la landet øyde framfor augo på eit hjelpelaust folk.

No er dei nesten alle borte. Og tankane er døde. Konjunkturane herjar som dei gamle hauststormane, med finanskriser, balstyrige råvaremarknader og bobler av ulike slag. Rettnok pip Per Kleppe i hornet og meiner vi må bruke meir av den norske pengebingen på jernbane, vegar og bruer. Det er ei realøkonomisk røyst frå fortida. Erik Brofoss og Trygve Bratteli snakka slik. I dag er økonomane blitt meteorologar, som dagleg, på TV, prøver å fortelje oss kva som skal skje. Viktigaste måleinstrumentet, som fortel om høgtrykk og lågtrykk, er børskursane, her og der. Det snakka Odd Aukrust og dei andre lite om. Den største nyhetssendinga på svensk TV heiter Rapport. Ho blir alltid avslutta med at økonomane kjem med sine kursar, rapportar og spådommar, før meteorologane avsluttar sendinga med sine.

Renteauken er utløyst av inflasjonen, ein gammal kjenning. Han har skapt mykje bry for folk og styresmakter gjennom åra. No har han, i ein økonomi som køyrer det han orkar, halde seg i ro rundt to prosent nokså lenge. Det er uvanleg. Når økonomien skyt fart, brukar inflasjonen å kvikne til. Når han har halde seg i ro slik styresmaktene gjerne vil, er det fordi det har fløymt inn til oss billege varer frå storleverandørar som Kina og andre. Desse billege varene har halde prisstigninga nede. Men det er ikkje ein klok økonomiske politikk eller gløgge økonomar som har skapt denne gyldne situasjonen. Det er krefter ingen i Norge rår med, ei utvikling i internasjonal økonomi. Som eit stendig høgtrykk over Sør-Norge har det gitt oss eit stabilt godver.

No er det råvareprisane som driv inflasjonen, først og fremst prisane på olje, korn og andre matvarer. Prisane på olje og korn har omtrent dobla seg på to år. Drivkreftene bak denne prisstigninga er sterke, aukande velstand og forbruk både her og der, i tillegg til minkande tilførsel av råolje. Det er ein nokså sikker spådom at denne prisstigninga vil halde fram.

Renta er tradisjonelt eit viktig økonomisk styringsmiddel, etterkrigsøkonomane hadde greie synspunkt på det. Vi hadde lågrente lenge. No blir ein renteauke utløyst av krefter ingen sentralbanksjef eller finansminister har makt over. Desse maktmenneska er reduserte til tenarar for noko som liknar naturkrefter. Eit lågtrykk sig inn og styrer veret, slik det alltid har gjort. Det var dette etterkrigsøkonomane meinte at dei hadde lagt bak oss. Dei meinte at mennesketanken hadde festa grepet på økonomien. Men taket glapp.

Valet mellom renteauke og inflasjon er, om ikkje valet mellom pest og kolera, så i alle fall valet mellom magesjau og influensa. Det er ugreitt, men ikkje dødeleg. Spørsmålet er kven som skal betale, kven som skal vinne eller tape. Ved renteauke vinn dei som har pengar. Ved inflasjon vinn dei som har lån. Min generasjon, dagens pensjonistar, har skodd oss godt på den inflasjonen vi hadde gjennom det meste av vårt yrkesliv.

I tillegg har vi ei internasjonal finanskrise som slår ut på underleg vis, i nokre kommunekassar og i nokre bankrekneskapar. Det er det heller ikkje mykje vi kan gjere med.

Ein gammaldags pardans

Internasjonalt gyngar det. Og det er dei same aktørane som agerer her også: inflasjon, renteauke, råvareprisar, finanskrise, børsuro og i tillegg svære, flytande kapitalmengder i nye hender. Lenge har vi hatt gåande ei liberalisering av handelen, og det er i gang eit planmessig arbeid for å ta nye steg på den vegen. Tanken er at vi alle skal tene på det, ut frå David Ricardos lære om dei komparative fortrinna, at alle gjer det dei kan best. Eit slikt system har to vinnarar: Dei sterkaste og beste aktørane, og heilskapen. Den totale kaka blir større på den måten. Den globale voksteren også. Men rundtomkring i systemet vil det også vere taparar, nedlagde bedrifter, næringar som bukkar under, arbeidsplassar som forsvinn. I medgangstider kan dei bli tatt vare på på ei vis. Når det strammar seg til, blir dét verre. Røynsla viser at når det internasjonale systemet slit og vaklar, og ikkje produserer den voksteren og den framgangen som var venta, når inflasjon og rente, som ingen styrer med, held på å gli ut av kontroll, då kjem regjeringane på banen for å ta ansvar for sine eigne veljarar og verne dei. Og då har frihandelen dårlege kår. Det hende under den store krisa i mellomkrigstida, og det har hendt mange gonger før.

Signala er komne. Den franske presidenten, som har lova veljarane sine meir enn han kan levere, har kome med harde utfall mot Peter Mandelson, som steller med handel i EU. Han er for frihandelsvenleg etter Sarkozys smak. Debatten om frihandelen livnar til, stimulert av sterke og veksande nye aktørar og eksportørar på verdsmarknaden. WTO slit, som amerikansk bilindustri og europeisk jordbruk. Debatten om frihandel eller nasjonale reguleringar er ein av dei eldste av alle økonomiske debattar. Det handlar om kven som skal tape eller vinne. Økonomiske debattar gjer gjerne det.

Av og til kan ein få ei kjensle av at økonomisk politikk er å bruke og gjenbruke ei rekkje gamle tricks, og at det meste er tenkt før. Og tricksa verkar ei stund, til nye må prøvast. I historia er mykje å finne, også om rente og inflasjon. Og mykje anna. Den første kjende keynesianaran, over to tusen år før Keynes, var Perikles, den største av alle athenske statsmenn. Han meinte at arbeidslause handverkarar burde setjast i arbeid så dei kunne få del i dei offentlege lønningane. Dei burde få sin del av dei offentlege midla. Slik gjorde han Athen til den praktbyen han vart. Den første prisreguleringa vi kjenner, på korn, var det keisar Diocletian som sette ut i livet ca 300 e.Kr. Det gjekk skeis, kornet forsvann frå marknaden. Dei franske fysiokratane slepte kornprisen heilt fri halvtanna tusenår seinare. Det gjekk skeis det også. Kornprisen gjekk i taket, og snart kom den store franske revolusjonen rullande.

Så når sentralbanksjefar og finansministrar slit med valutakurs, rente og inflasjon, så er det gamle øvingar vi er vitne til. Det vil det også vere om frihandelsdebatten skulle skyte fart.

Og då må vi kanskje sjå nærare på det tankegodset Odd Aukrust og flokken hans la etter seg.

Ein gammaldags pardans