Eit nødvendig ansvar

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

ARBEIDSLIV: Adm. dir. Ketil Lyng i Byggenæringens Landsforening skriv i Dagbladet 28. mai at medalja si bakside når det gjeld arbeidsinnvandring er «flere tilfeller av urimelige lønns- og arbeidsvilkår sammenliknet med norske forhold». Likevel meiner han at det ikkje er behov for fleire tiltak for å hindre slike urimelegheiter. Etter vårt syn heng dette ikkje saman. Det er nødvendig med sterkare tiltak enn dei som gjeld i dag for å få bukt med dei uverdige tilstandane. Lyng skriv at vi alt har mange verkemiddel. Det er riktig, men like fullt er tilstanden den at mange arbeidstakarar ikkje får den løna dei etter allmenngjeringsvedtak har krav på. Det vi manglar i dag er effektive mekanismar for å drive inn den løna arbeidstakarane skal ha. Solidaransvar er nettopp ein slikt mekanisme.

Vi meiner det slett ikkje er urimeleg dersom ein oppdragstakar set bort arbeidet til andre, at han også har ansvar for å sørge for at vilkåra der følgjer det som er fastsett i lov og forskrift. Vi har jo langt på veg alt slike prinsipp både når det gjeld skatt og når det gjeld helse, miljø og sikkerheit. Det kan hevdast at solidaransvar er eit brot med innarbeidde arbeidslivstradisjonar i Norge. Men med den opne arbeidsmarknaden vi har fått dei seinare åra har også mykje i norsk arbeidsliv endra seg. Da treng vi tiltak for å sikre at arbeid utført i Norge skal lønnast etter dei vilkår vi har her. Vi seier ikkje ja til arbeidsinnvandring for at det skal bidra til å undergrave norske lønns- og arbeidsvilkår. Først og fremst vil solidaransvar vere eit preventivt tiltak. Det vil på ein langt meir effektfull måte bidra til at oppdragsgivarar tar dei nødvendige forholdsreglar for å hindre at oppdragstakarar ikkje forbryt seg mot det som er fastsett i allmenngjering. Dersom oppdragsgivarane gjer dette, vil heller ikkje tiltaket koste særleg mykje. I tillegg må ein i reknestykket også ta med gevinsten. Nemleg at ein luker bort dei useriøse som er med på å setje norsk byggenæring i vanry og som pådreg utbyggjarar og dei seriøse i bransjen store kostnader.