Flo-mål

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I Sogn Avis i går legg Tore André Flo seg flat for kritikken som er kome fram fordi han skriv bokmål, ikkje nynorsk på heimesida si på Internett. «Til alle unge - skriv nynorsk!» oppmodar han audmjukt og legg til: «Først vil eg seie meg lei for at språket på internettsida mi er på bokmål og ikkje på nynorsk. Eg skriv som regel ikkje sjølv, på grunn av for lite kunnskap og opplæring om korleis eg legg det ut på nettet... Ofte dikterer eg til ein person på Austlandet... Eg er stolt over språket mitt, og kvar eg kjem i frå... Eg har motteke ein målpris. Det er eg veldig stolt over, og det bryr meg at folk meiner eg bør skrive på nynorsk...»