- Forstår ikkje sitt eige beste

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Francis Sejersted er ikkje nådig i kritikken av våre nye herrar, eksemplifisert ved Christen Sveaas og Kjell Inge Røkke: - Dei oppfører seg som om dei ikkje er avhengige av samfunnet rundt seg. Dei har ikkje oversyn over verda dei lever i, dei lever på ein fiksjon. Dette er ein posisjon radikalt ulik den som direktøren har, når han arbeider inne i verksemda kvar dag.

Sejersted antydar at dei mektige finansmennene ikkje forstår sitt eige beste.

- Det verkar ikkje som Sveaas, Røkke og desse ser at dei er avhengige av legitimitet. Om eigarane berre driv omsynslaus profittjakt, og desse blir avslørt av folk flest, kan det bli bråk. Francis Sejersted til Magnus E. Marsdal i Klassekampen.