Funksjonshemma og Mjøs-utvalet

Mjøs-utvalet si innstilling om høgre utdanning og forsking etter år 2000 har vore livleg diskutert det siste halve året, ikkje minst i Dagbladet. Eg er svært glad for at innstillinga engasjerer til debatt.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Høyringsfristen var ute tidleg i oktober. No bearbeider Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) høyringsuttalelsane. Regjeringa skal fremja einstortingsproposisjon om innstillinga tidleg neste år slik at Stortinget kan behandla Mjøs-utvalet si innstilling før sumaren 2001.

Protest

I høyringsuttalelsane har fleire av dei funksjonshemma sine organisasjonar reagert kraftig på at dei funksjonshemma studentane og akademikarane sin situasjon ikkje er omtala i Mjøs-utvalet si innstilling. Dei funksjonshemma sine organisasjonar har fått bekrefta frå KUF at dei funksjonshemma sin situasjon ikkje var tatt med i mandatet for Mjøs-utvalet fordi dette var ei utredning av dei organisatoriske og administrative aspekta ved høgre utdanning og ikkje av situasjonen for enkelte grupper av studentar. Mjøs-utvalet heldt seg til dette. Derfor blei dei funksjonshemma sin situasjon i høgre utdanning ikkje drøfta i Mjøs-utvalet i det heile. Eg beklagar gjerne det. Men dessto viktigare er det at funksjonshemma sin situasjon blir ein viktig og integrert del av arbeidet med oppfølging og realisering av innstillinga.

Generelt

Mjøs-utvalet slår generelt fast at «det fremdeles er en påtrengende oppgave å styrke innsatsen i forhold til befolkningsgrupper der utdanningsnivået er lavere enn gjennomsnittet». (St.meld. nr. 50 1998- 99) Utjamningsmeldinga viser at det fortsatt er eit lågare utdanningsnivå blant funksjonshemma enn blant den øvrige befolkninga. Derfor er den nasjonale målsettinga om lik rett til utdanning og full deltaking og likestilling for funksjonshemma viktigare enn nokosinne.

Betring av funksjonshemma sin situasjon krev ressursar og handling. Ei satsing på tiltak for funksjonshemma må bli ein integrert og sjølvsagt del av eit løft for høgre utdanning og forsking i Norge etter år 2000.

Fleire høyringsuttalelsar tek opp ei rekke saker som må løysast for at funksjonshemma skal få lik rett til høgre utdanning og full deltaking og likestilling. Funksjonshemma må ikkje lenger betraktast som ei særgruppe. Dei må vera ein fullverdig del av utdanningspolitikken. Her er det spørsmål om haldning og handling.

Erfaring

Eg har sjølv nyleg vore med på eit møte arrangert av Synshemmede Studenter og Høyere utdannedes Forening (SSHF). Det var ei viktig erfaring for meg. Både SSHF og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) har kome med sterke, konkrete og godt gjennomarbeidde høyringsuttalelsar. Dei er vel verd å merka seg både for KUF, regjeringa og Stortinget. I uttalelsen frå SSH heiter det: «Et ufravikelig krav må derfor være at dersom studenter skal forplikte seg til å holde en viss studieprogresjon, må norske myndigheter og lærestedene hver for seg, også forpliktes til å sørge for at studentene ikke forsinkes, for eksempel på grunn av at de ikke får pensumbøker, egnet leseplass, tolk, fullverdig utbytte av undervisningen etc.» Det er også gledeleg at Norsk Studentunion og andre institusjonar har kome med klare uttalelsar om at både myndigheitene og lærestadane i mykje større grad må betra situasjonen for funksjonshemma.

Lik rett

FFO avsluttar sin høyringsuttalelse slik:

«Mjøs-utvalgets utredning reiser mange problemstillinger som blir svært viktige i forhold til funksjonshemmedes muligheter til å få innpass i og gjennomføre høyere utdanning. FFO finner det uholdbart at Mjøs-utvalget ikke har gått inn i disse problemstillingene. FFO krever derfor at KUF foretar en egen utredning av disse problemstillingene som et tillegg til Mjøs-utvalgets innstilling.»

Det er viktig at KUF, regjeringa og Stortinget i arbeidet med Mjøs-utvalet si innstilling fylgjer opp dei nasjonale målsettingane om lik rett til utdanning og full deltaking og likestilling for funksjonshemma.