Fylkeskommunen og demokratiet

«Vi skal vere dei siste til å hevde at den fylkeskommunen vi hadde inntil siste årsskiftet var perfekt, men det tyder ikkje at han dermed bør avviklast.»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fylkeskommunen si framtid blei klargjort av Stortinget i juni 2001: Dei fylkeskommunale sjukehusa blei omgjort til statlege foretak, men til gjengjeld skulle fylkeskommunen overta den regionale landbruks- og miljøforvaltninga (frå fylkesmannen). Alt i alt er dette eit ryddig bytte, ettersom sjukehussektoren er eit politikkområde som rikspolitikarane i høg grad må svare for (sjukehuskøar, utanlandsoperasjonar osv.). På den andre sida ser vi ei utvikling i landbrukspolitikken i retning av større regional tilpassing. Lokal Agenda 21-strategien opnar for ein meir regionalt og lokalt forankra miljøpolitikk. Ved at oppgåver blir flytta frå fylkesmannsembetet til den folkevalde fylkeskommunen, vil også demokratiet på fylkesnivået bli meir tydeleg og synleg.

Vedtaket i Stortinget var gjort på grunnlag av ei omfattande utgreiing av funksjonsdelinga mellom stat, fylke og kommune, ei utgreiing som i stor grad er basert på grundig og oppdatert forsking. Den nye fylkeskommunen blir meir orientert i retning av nyskaping og utvikling, og mindre orientert mot yting av standardiserte tenester. Men regjeringa Bondevik II har medvirka til å skape uro om Stortingets vedtak. Det kan sjå ut som om taparane frå junivedtaket har fått eit politisk spelerom etter regjeringsskiftet, og grundig tilbakeviste argument florerer no, med krav på høg sannings- og aktualitetsgehalt. Vi skal ikkje polemisere her mot dei som framleis meiner at fylkeskommunane er dårlege serviceprodusentar, at folk ikkje deltar ved fylkestingvala, eller at fylkeskommunar bør fjernast ettersom store bykommunar greier seg utan dei. Vårt ærend her er å vurdere den nye fylkeskommunen med utgangspunkt i tre ulike målestokkar: folkestyre, forenkling og nyskaping.

Noreg kan vanskeleg styrast berre med to nivå: stat og kommunar. Folketalet i landet er rett nok ikkje så stort - men det er til gjengjeld avstandane. Ingen har levert overtydande argument for at vi kan greie oss utan eit regionnivå (om dette består av 5 eller 19 regionar, har mindre å seie). Sjølv med ei omfattande samanslåing av kommunar ville staten måtte forhalde seg til minst 100 kommunar, noko som etter gjengs administrasjonsteori utgjer eit for stort kontrollspenn. Gitt at vi må innrette oss på å ha eit mellomnivå, og at dette nivået skulle ha noko å seie, kva skulle vere argumenta for at dette ikkje skulle styrast av ei direkte folkevald forsamling? På politisk side er det bygd opp stabile fylkesparti og politiske miljø som er heilt vitale for å formidle mellom det lokale og det statlege nivået. Folk flest bryr seg mindre om fylkespolitikk enn om riks- og lokalpolitikk, men dette er i seg sjølv ikkje noko argument for å fjerne demokratiet på mellomnivået. Alternativet er eit administrasjonsstyre i regionane, eller eit indirekte demokrati (ordførarforsamling), der det siste alternativet ville stimulere til «hestehandel» heller enn til verdi- og prinsippbaserte meiningsbrytingar. Demokratiet er ikkje berre ein metode for å peike ut representantar til ei folkeforsamling. Det er også ein måte å halde dei styrande ansvarlege for handlingar og resultat på. Jo større offentleg sektor blir, jo viktigare blir denne funksjonen. Korleis skal regionalforvaltninga stillast til ansvar om fylkeskommunen som demokratisk organ blir svekka?

Ifølgje Sem-erklæringa skal regjeringa arbeide for «eit slankare og meir effektivt byråkrati». Dette er ei viktig oppgåve for eikvar regjering fordi motsatsen, eit ineffektivt byråkrati, fører til meir politikarforakt og mindre legitime politiske institusjonar. Det vanskelege spørsmålet er sjølvsagt kva ei regjering konkret kan gjere for å slanke og effektivisere byråkratiet. Det verkar som den noverande regjeringa leitar etter svaret i fylkeskommunen. Eit slankare og meir effektivt byråkrati - inneber det eit folkevalt fylkesnivå ribba for verkemiddel og ansvar?

Vi skal vere dei siste til å hevde at den fylkeskommunen vi hadde inntil siste årsskiftet var perfekt, men det tyder ikkje at han dermed bør avviklast. Den enkle lina som mange reknar med at regjeringa slår inn på, nemleg stegvis å nedleggje fylkeskommunen, kan i alle fall ikkje forsvarast i lys av forsking på det regionale nivå. På ei lang rekkje område representerer fagmiljøa i fylkeskommunane ein heilt nødvendig støtte for kommuneforvaltninga, og det ville vere langt meir ineffektivt og sløsande om vi skulle spreie desse ressursane ut i kommunane. Rett nok har nokre av dei større kommunane kapasitet til å byggje opp tilsvarande kompetanse som den fylkeskommunen har, og må gjerne få lov til det. Men for brorparten av kommunane blir forholda altfor små. Dersom kommunane skulle overta kompetansekrevjande oppgåver frå fylkeskommunen, ville vi verkeleg oppleve dobbeltforvaltning i stor skala. I forhold til kva som er alternativet, er fylkeskommunen ein berebjelke for «eit slankare og meir effektivt byråkrati» på regionalt og lokalt nivå. På lang sikt kan det tenkjast at kommunane kan bli vesentleg større enn i dag, og dermed klare for større oppgåver, men her set den norske geografien klare grenser. Og den er ingen variabel i eit politisk reknestykke, heller ikkje for den noverande regjeringa.

Fylkeskommunen tilfører nyskapingsarbeidet i distrikta regional meirverdi. Som regionalpolitisk aktør kan fylkeskommunen setje dei ulike sektorane inn i ein større utviklingssamanheng der skolar, samferdsle, kultur osv. blir styrt slik at dei drar saman mot overordna mål for regionen. Utan fylkeskommunen ville det regionale perspektivet i utviklingsarbeidet bli borte - sektorperspektivet ville dominere. Men også i dei enkelte sektorane skaper fylkeskommunen regional meirverdi. Det er vanskeleg å tenkje seg at slike dristige kulturprosjekt som Kulturlandskap Nordland, Skrivekunstakademiet i Hordaland eller Fjæreheia Teater (i eit nedlagt steinbrot i Grimstad) ville sett dagens lys utan fylkeskommunen som medspelar.

Fylkeskommunen er også ein internasjonal brubyggjar for næringsliv og kulturliv i distrikta. Alle fylkeskommunane har samarbeidsprosjekt med regionar i andre land. Samarbeidet på Nordkalotten har lange tradisjonar, og er no utvida til Barents-regionen. Fylkeskommunane har samarbeidsprosjekt med ei rekkje europeiske regionar. Særleg tett er samarbeidet rundt Nordsjøen, stimulert av Nordsjøkommisjonen. Samferdsle, turisme og kultur er vanlege tema for samarbeidet. Gjennom slike prosjekt er fylkeskommunen med på å knyte band mellom norske og utanlandske bedrifter eller å marknadsføre bedrifter meir effektivt utanlands. Ein god del av desse prosjekta har medfinansiering frå EU. Slik blir fylkeskommunen ein kanal inn i EU-systemet for bedrifter og organisasjonar, og ein medspelar i europeisk integrasjon nedanfrå.

Det kan godt hende at fylkeskommunane ville vere endå meir effektive utviklingsaktørar om dei var større, eller samarbeidde tettare. Åtte-fylke-samarbeidet på Austlandet, Samarbeidsorganisasjonen for Vestlandet (SAVOS), Landsdelsutvalet for Nord-Norge osv. viser at fylkeskommunane søkjer saman for å stå sterkare nasjonalt og internasjonalt. Vegen å gå for å styrke nyskapingsarbeidet i distrikta er ikkje å leggje ned fylkeskommunen eller å redusere ansvaret for regionale oppgåver og dermed la sektorbyråkratiet ta over. Det er heller å vurdere større, meir slagkraftige regionar. Dette er vegen resten av Europa går i ei meir globalisert tid. Folkevalde regionpolitikarar som kjenner ansvar for og står på for sitt distrikt, er eit av dei sterkaste regionalpolitiske virkemidla eit land kan rå over. Eit blikk utover Europa viser at landa med dei sterkaste regionane også er dei mest utvikla og vekstkraftige landa.