Gamalost og jordbær

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Dagboka seier seg lei for vi ikkje var til stades i Vik i Sogn då gamalosten vart feira i førre veka. Der leska folk seg med gamalost på svele med sirup, loff med gamalost og fiskepudding, og ein helt ny rett som kokkeelevar frå Sogn og Fjordane kokkeskule hadde laga: Gamalost i sukkerlake med ingefær, stjerneanis, vaniljestang og rosiner, servert med jordbær, melon og salat. Sjøl vil vi helst ha osten au naturel, berre med grovskive og meierismør. Neste framstøyt for dette kulturproduktet blir eit gamalost-cruise frå Noreg til Newcastle. Då vil Dagboka vera med og kveda: Say Ol' Cheeeese!