Globaliseringas verstingar

Nobelprisvinnaren Joseph E. Stiglitz viser ingen nåde overfor dei som skal regulere internasjonal handel og pengemakt.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Norske regjeringsmedlemmer streka under at det ikkje kom på tale å diskutere vilkåra for handelen under FN-toppmøtet i Johannesburg: Det skulle finans- og handelsministrane ta seg av. And that's the problem. Nyleg fekk rørsla for ei meir demokratisk globalisering støtte frå uventa hald. I ei ny bok av Joseph E. Stiglitz heiter det: «I dag tener ikkje globaliseringa mange av dei fattige. Den tener ikkje miljøet og heller ikkje stabilitet i økonomien.» Bakgrunnen til Stiglitz gjev boka sprengkraft. Økonomiprofessoren arbeidde frå 1993 til 1997 som rådgjevar for Clintons økonomiske råd. Frå 1997 til 2000 var han sjeføkonom i Verdsbanken. I fjor fekk han nobelprisen i økonomi.

Stiglitz vil ikkje avskaffe globaliseringa, han vil reformere styringa av den. «Problemet er ikkje globaliseringa i seg sjølv, men korleis den vert styrt. Globaliseringa vert delvis regulert av Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdsbanken og Verdas handelsorganisasjon (WTO). Desse internasjonale økonomiske institusjonane set opp spelereglane for verdshandelen. Altfor ofte har dei gjort det på ein måte som fremjar interessene til, og særinteresser innanfor, dei rike industrialiserte landa i staden for å ta vare på interessene til dei fattige i utviklingslanda.» Stiglitz meiner det er feil type politikarar som får prege IMF, WTO og Verdsbanken. Institusjonane vert dominerte av dei rike landas finans- og handelsministrar og sentralbanksjefane. Fattige folk i den tredje verda har altfor få talspersonar.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer