Har Oslo byråd broti norsk lov?

I morgon skal bystyret i Oslo handsame mistillitsframlegget mot byråd Ann Kathrine Tornås. Ein av dei som er engasjert i striden, er RVs Erling Folkvord.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Metodane som vart brukt i førebuinga av det store sjukehusboligsalet, er no møtt med mistillitsframlegg mot byrådet i Oslo. Både detaljar og heilskap i denne saka bør vurderast opp mot korrupsjonsbegrepet.

Saka kan vurderast på fleire vis. For det første: Har byrådet broti bystyrevedtak eller norsk lov? For det andre: Betyr salsavtalen som byrådet la fram, ei stor og skjult verdioverføring frå det offentlege til kjøparen? Enkelt samanfatta: Har byrådet gitt kjøpargruppa ulovlege eller grovt urimelege fordelar?

Det handlar om 1744 småleiligheter oppført frå 1952 til 1975. Marknadsverdien på slike leiligheter er over 20000 kr per kvadratmeter når dei blir seld kvar for seg. Sjukehusboligane er fullt nedbetalt med folket sine skattepengar. Låge husleiger skulle sikre personale til sjukehusa. Sjølv om husleigene i år 2000 var berre halvparten av marknadsleige, ga drifta av boligane eit netto overskott til sjukehusa på 34 mill.

Foretak

Dramatikken starta 18. januar 2001 da Tore Tønne (Ap) - helseminister på kortvarig «utlån» frå direktørjobb hos Kjell Inge Røkke - kunngjorde at staten skulle overta sjukehusa og omdanne dei til marknadsstyrte foretak. Boligane skulle følgje med, vederlagsfritt. Først seks veker etterpå oppretta byrådet eit salsprosjekt. I slutten av april tok eit meklarfirma kontakt med dei som vart vurderte å vere aktuelle kjøparar. Fylkesmannen seier lakonisk at Oslo «ved å reagere tidligere, (kunne) ha fått bedre tid til å gjennomføre salget, på en måte som bedre ville ivaretatt selgerinteressene». Så følgte eit hastverkssal, utan annonsering og utan taksering. Byråd Tornås hevda skriftleg at vanleg taksering «er uhensiktsmessig og kostbart (kr 1000- 2000 pr. leilighet)». Resultatet vart ein salssum som tilsvarer 7600 kr per kvadratmeter.

Etter at RV og SV i ein klage til Fylkesmannen hevda at salet var ulovleg, la Fylkesmannen ned forbod mot å gjennomføre overskjøting av eigedomane fram til «takst foreligger og fylkesmannen får tatt endelig stilling til gyldigheten av bystyrets vedtak».

No har vi fått ein slik takst som seier at marknadsverdien for eitt år sia var 1055 mill. Det er 48 prosent eller 340 mill. høgare enn summen byråd Tornås avtalte med Sundal Collier & Co.

Fleire sider

Denne saka har fleire sider enn det som blir taksert. Salet betyr at Oslo-sjukehusa for all framtid mister muligheta til å bruke billege boligar for å rekruttere personale. På dette punktet er det lite hjelp i at sjukehusa i ti år har rett til å leige boligane til marknadspris. Boligane, som var ein inntektspost i sjukehusbudsjetta, blir da ein utgiftspost viss sjukehusa skal halde leigene nede for å få personale.

Etter lov om offentlig støtte, som Stortinget vedtok i 1992, er det ikkje lov å selje offentleg eigedom til private under marknadspris og utan taksering. Det er rg ein føresetnad at det skal vere så romslege fristar at interesserte kjøparar skal ha høve til å kome med tilbod. Viss avtalt pris ligg meir enn 5 prosent under marknadsverdien, blir det rekna som skjult offentleg støtte. Næringsdepartementet skal avgjere tvilstilfelle. ESA i Brussel er overdommar.

Byrådet kunne ha starta salsprosessen tidlegare. Dei kunne ha lagt opp ein lovleg salsprosess, «på en måte som bedre ville ivaretatt selgerinteressene». Men dei valde å gjere det på sin måte.

Korrupsjon

Professor Carl August Fleischer har definert korrupsjon slik at han legg vekt på det samfunnsmessige resultatet av ein politikar sine handlingar:

«Samlet sett kan vi si at det korrupte Norge - i forhold til offentlige stillinger, tillitsverv og posisjoner - består i at det finnes personer som opptrer slik at de ivaretar egne eller andres spesielle interesser. Disse interessene ivaretas istedenfor samfunnsmessige interesser eller i større grad enn det er grunnlag for eller rettslig adgang til.»

I denne saka synest det klart at kjøpargruppa vart ivaretatt i større grad enn lov om offentlige innkjøp gir høve til. Sjukehusa vart ikkje ivaretatt. Når skal vi bruke ordet korrupsjon, viss det ikkje er i ei slik sak?