Ikkje monopol

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

LÆREMIDLER: I eit innlegg i Dagbladet 8. juni tek Per Ahlin, Håvard Vederhus, Tom Skovdahl og Finn Stenstad opp spørsmål om NDLA og praksisen til fylkeskommunane om læremiddel i vidaregåande opplæring.

Støtta frå Kunnskapsdepartementet til NDLA (Nasjonal digital læringsarena) er del av ei større satsing på digitale læremiddel som regjeringa gjorde vedtak om i 2006. Formålet med denne satsinga var mellom anna å auke tilfanget av digitale læremiddel og å styrkje bestillarkompetansen hos skuleeigarane når det gjeld læremiddel. I tillegg til NDLA gav vi støtte til Real Digital i regi av Oslo kommune og til helse- og sosialfag i regi av Nord-Trøndelag fylkeskommune.

I 2007 vart opplæringslova endra, slik at fylkeskommunane tok over ansvaret for å syte for at skulane har tilgang til nødvendige læremiddel, både trykte og digitale. Fylkeskommunane har gjennom NDLA teke eit viktig initiativ som har vekt internasjonal oppsikt, og NDLA er ein måte fylkeskommunane viser ansvaret sitt for å skaffe læremiddel på. Fylkeskommunane har vedteke å bruke 10 pst. av dei midlane staten fører over som kompensasjon for meirutgifter ved denne omlegginga, til å finansiere NDLA vidare. Vi må sjå på korleis løyvinga blir nytta, slik at vi sikrar ein velfungerande marknad.

Eg meiner det må liggje nokre sentrale prinsipp til grunn for den vidare utviklinga av læremiddelområdet. Etterspørselen frå skulen etter læremiddel og kompetansemåla i læreplanane i Kunnskapløftet må styre utviklinga av læremiddel. På tilbydarsida er det viktig at vi har eit mangfald av tilbydarar som må konkurrere ut frå kvalitet, ikkje ut frå hegemoni. På nokre område har staten eit særleg ansvar, t.d. for å sikre tilgang til den digitale kulturarven og for å sikre læremiddel i små og smale fag som vi har mange av i vidaregåande opplæring.

Eg er i likskap med forfattarane av innlegget oppteken av at vi skal ha eit breitt tilfang av læremiddel i vidaregåande opplæring. Mangfald må gå føre einfald. Eg trur derfor at vi dei nærmaste åra vil sjå ein kombinasjon av trykte og digitale læremiddel. NDLA bør ikkje bli brukt som påskot for å redusere mangfaldet eller for å saldere dei utgiftene til læremiddel som fylkeskommunane har. Eg reknar med at fylkeskommunane tek dette ansvaret, og at dei bruker løyvinga frå staten fullt ut.