Ja til likestilling?

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Viseadministrerande direktør i Spekter, Anne-Kari Bratten, hevdar at ho seier ja til likestilling. Likevel opplever ho seg misforstått. Ho og Spekter byggjer nemleg på fakta. Andre, som til dømes Unio, spreier myter. Ho hevdar at «undersøkelser» viser at 75 pst av sjukepleiarane har valt yrket fordi dei kan jobbe deltid. Ei undersøking blant studentar i Oslo for nokre år sidan peika i denne retning. Å generalisere så bastant som Bratten gjer, er i alle fall forsøk på mytespreiing. Og det er vel heller ikkje særleg faktabasert når ho i generelle vendingar hevdar at sjukehusa har ein «sjenerøs personalpolitikk». Eg minner då om at sjukehusa har fått knallhard refs frå Arbeidstilsynet for å forvalte HMS arbeidet på ein kritikkverdig måte. Viss Spekter vil vere likestillingsaktør, må det også visast i praksis. Spekter sine «likestillingstiltak» inkluderer mellom anna:

å seie nei til likestilling av kvinnedominerte turnusordningar og mannsdominerte skiftordningar

å avvise forslag om likelønnspott til kvinnedominerte grupper i offentleg sektor

å gå imot at deltidstilsette skal ha rett til heil stilling

I den eine merkesaka etter den andre prøver Spekter å hindre tiltak som er foreslått. Det verkar som om motstanden har vore ekstra stor på område som vil gi særleg positiv effekt innan Spekter sine område. Det er sjølvsagt rett at familiepolitikk, kultur og tradisjonar har sitt å seie for likestilling i arbeidslivet. Men det er ikkje spesielt truverdig når Spekter tilbakelent meiner svaret først og fremst er familiepolitiske tiltak utanfor arbeidsgjevars ansvar. Men likestilling må også gjennomførast i arbeidslivet, og det er jo her Spekter verkeleg kan spele ei rolle. Eitt konkret forslag: Spekter meiner det er lite ufrivillig deltid i sjukehusa. Då må i det minste Spekter kunne binde seg til eit opplegg som sikrar alle som vil ha full stilling ein slik rett? Det vil, i følgje Spekter, vere billeg, og dessutan gjere personalpolitikken litt betre. Ok?