Katedralens list og børsens alvor

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

22. JUNI 1999 heldt Rune Slagstad ein flammande appell på Sehesteds plass og døypte det vesle området mellom Aschehoug og Gyldendal (heretter kalla AG Sehested) om til «Skammens plass». Fleire hundre tale- og skriveføre akademikarar aksjonerte saman med dei tilsette i Universitetsforlaget mot nedlegging av Universitetsforlaget, som var kontrollert av konkurrentane AG Sehested. Slagstad kalla det «kulturvandalisme» og slutta seg til Trygve Hegnars karakteristikk: «Slik opptrer rå kapitalistar». Aksjonistane frykta at ein sterkare maktkonsentrasjon i forlagsbransjen ville føra til mindre mangfald og breidde i faglitteraturen. «Er det virkelig blitt slik nå at også for forlagsdirektører med eller uten doktorgrad er den viktigste bok lommeboken?» spurte Slagstad og overrakte Universitetsforlagets historie Med kunnskap skal landet bygges til William Nygaard og Geir Mork.

AKADEMISK FORLAG blei starta av den kulturelle entreprenøren Tønnes Andenæs i 1950. I 1956 fekk det løyve av Det akademiske kollegium ved Universitetet i Oslo til å kalla seg Universitetsforlaget, og tradisjon var at rektor ved UiO var styreformann. Frå starten var forlaget eigd av Studentsamskipnaden i Oslo. I 1984 blei det omgjort til aksjeselskap då Studentsamskipnaden i Trondheim, forskingsråda og dei andre universiteta kom inn på eigarsida. Aksjekapitalen var fattige seks millionar.

Forlaget ga ut lærebøker, fagbøker, vitenskapelig litteratur og tidsskrift og blei ein dominerande institusjon i den nye, fagkulturelle offentligheten med taleføre og formuleringssterke akademikarar. Det skjedde med husleigestøtte og andre offentlige tilskott og under betydelig motstand frå dei etablerte forlagshusa som frykta at det skulle utvikla seg til eit statsforlag. Irritasjonen blei ikkje mindre då forlaget i Pax-gründaren Tor Bjerkmanns direktørtid (1978–1985) tok spranget frå akademia til skolebøker og meir allment kulturforleggeri. Først på 80-talet var Universitetsforlaget jamstort med dei tre gamle og store, og dei var i ferd med å bli konkurrentar på same marked.

UNIVERSITETSFORLAGET strakk seg lenger enn den økonomiske skinnfellen rakk, og lenger enn dei akademiske eigarane kunne bera. Då forlaget var på randen av konkurs i 1986, kom cruise-reiaren Knut Utstein Kloster inn som eigar av 49 prosent av aksjane. Det varte bare eit års tid før han ville selja seg ut igjen, og det svenske storkonsernet Esselte kom med eit bod på Kloster-aksjane. Etter ein runde blant mulige norske investorar, der også Jens P. Heyerdahl og Orkla var med i bildet, blei resultatet ei kapitalutviding der AG Sehested kom inn på eigarsida med 25 prosent kvar.

AG-kjøpet blei framstilt som ein rein redningsaksjon. Motivasjonen var ikkje kontroll over ein konkurrent, men nasjonalt forsvar mot utanlandsk forlagskapital. Bortsett frå den velståande Studentsamskipnaden i Trondheim som blei sittande med ein tredel av aksjane, hadde dei andre akademiske eigarane bare småpostar. AG Sehested heldt seg på ein armlengdes avstand, men dersom det kom til konflikt, hadde dei full kontroll og sine direktørar i styret. Aschehoug og Gyldendal redda forlaget frå døden i ein akutt situasjon og tilførte ein viss eigarkompetanse. Titteltal og kostnader blei stramma inn og lønnsemda blei betre i Trygve Rambergs tid som direktør (1986–1998). I noen gode år tok eigarane ut solid utbytte, men det gjekk nedover. Vonde tunger meinte Universitetsforlaget var bokbransjens Titanic.

I NAMNET, men ikkje i gagnet, var Universitetsforlaget eit fritt og uavhengig forlag. Men det var bare så lenge dei respekterte og levde innanfor dei uformelle og uformaliserte grensene som AG Sehested sette. Sånn er det å vera eigd av sine konkurrentar. Det var i realiteten ein husmannsposisjon.

Terje Osmundsen, som overtok etter Trygve Ramberg, forsto ikkje det. Han trudde han hadde frie tøylar til å lansera visjonar, driva strategisk høgttenking og kasta mange ballar opp i lufta. Han trudde han leia eit ordinært forlag som kunne strukturera seg som det ville og konkurrera med eigarforlaga. Han hadde formell backing frå styret, men var utan musikalitet til å oppfatte signala frå eigarane og konkurrentane på Sehesteds plass. Dei vaka over Universitetsforlaget, og samtidig vaka dei i samforstand over balansen og pariteten seg imellom.

Osmundsen måtte gå av etter eit halvt år, men intermezzoet sette ein støkk i eigarane på Sehesteds plass. Den kulturjournalistiske veteranen IdaLou Larsen skreiv i sin kommentar i Nationen at AG Sehested hadde kvitta seg med «en altfor egenrådig og handlekraftig direktør som ikke ville la seg samordne og ikke var klar over hvor farlig det er å gå imot de to mektigste mennene i norsk forlagsverden».

EIGARSITUASJONEN i Universitetsforlaget blei satt på spissen då Osmundsen forsvann ut, og det var begynnelsen til slutten for Universitetsforlaget. Studentsamskipnaden i Trondheim ville ut, og etter mange krumspring både innanlands og utanlands, enda det med at AG Sehested overtok alle aksjane i forlaget for å legga det ned, selja ut noen av bitane og samordna resten med sine eigne forlag.

Slik blei også utgangen etter demonstrasjonar, aksjonar og forhandlingar. Etter inngrep frå Konkurransetilsynet måtte AG Sehested overdra Universitetsforlaget sin grunnskuleportefølje og Økonomiforlaget til Damm og Fagbokforlaget. Deretter fall delinga mellom Aschehoug og Gyldendal på plass. Grovt sagt delte dei lærebøker for vidaregåande skular mellom seg etter fagområde slik at dei klassiske gymnasfaga gjekk til Aschehoug og dei andre til Gyldendal. Av porteføljen for høgskular og universitet fekk Gyldendal sjuepleie, helse- og sosialfag, medisin, økonomisk-administrative fag, pedagogikk og lærarutdanning. Dei smelta saman med AdNotam til Gyldendal Akademisk. Aschehoug overtok humaniora og samfunnsvitenskap, juss, matematikk og naturvitenskap. Det smelta saman med TANO til det nye Universitetsforlaget.

PROTESTANTANE på Sehesteds plass 22. juni 1999 visste nok at det ikkje sto så godt til med Universitetsforlaget, men dei likte ikkje det dei ante, så derfor let dei som om alt var som dei trudde det hadde vore, for dei ville ikkje innrømma at dei hadde sove i timen saman med Universitetet i Oslo.

Det sit stadig langt inne hos noen, men ti år etter medgir dei fleste at det måtte gå som det gjekk, at det kanskje var best at det gjekk som det gjorde, og at resultatet slett ikkje er blitt så verst. Det er ein ironi, ikkje Geir Morks eller Arne Garborgs ironi denne gongen, men katedralens list og børsens blodige alvor.

Andreas Hompland er sosiolog og spaltist. Han har skrevet en lengre artikkel om slaktinga av Universitetsforlaget i Prosa 03/09, som utgis i morgon.